Omsorg for ungdommar - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Omsorg for ungdommar

Ungdomsfasen blir oppfatta som ein nokså lang periode og det er derfor vanskeleg å trekke ei klar grense mellom barndom og ungdom. På same måte som alle andre treng òg ungdom god og aldersstilpassa omsorg. Spørsmålet er: Kva treng ungdom?

Kven er ungdom?

Puberteten er overgangen frå barndom til ungdom. Puberteten startar gjerne når barnet er mellom 10 og 15 år, noko seinare for gutar enn for jenter. Det vil seie at for nokon startar ungdomstida i 10–11-årsalderen, mens for andre nokre år seinare. Når ungdomstida sluttar og vaksenlivet overtek, er òg uklart. I Noreg blir ein rekna som vaksen ved fylte 18 år, men fordi ungdomstida handlar meir om ein veremåte enn kor gammal ein er, er det vanskeleg å seie når ungdomstida sluttar.

God omsorg for ungdommar

Å bli ungdom kan vere utfordrande for ungdommane sjølv og for omgivnadene. Tolmodet og empatien til dei vaksne blir sette på prøve og utfordra på når dei skal støtte ungdommen, når dei skal hjelpe, og når dei skal verne og trøyste. Uansett korleis den unge er, handlar omsorg om å vere til stades i livet til ungdommen. På lik linje som barn treng ungdommar nære vaksenpersoner, dei treng ein trygg base.

Denne perioden er krevjande for ungdommane òg. På mange måtar har dei eit bein i barndommen og eit i vaksenlivet. Dei søker etter tryggleik og vern samtidig som dei søker etter utforsking og sjølvstende.

Evna ungdomshjernen har til å reflektere er ikkje fullt utvikla, og for nokon kan det vere vanskeleg å forstå at vaksne kan vere bekymra og urolege. God omsorg handlar derfor om å vere lydhøyr for kva ungdommen formidlar, og gi dei ei oppleving av at du har sett dei i positiv forstand. Det styrker sjølvkjensla til dei unge.

Det er viktig å forstå dei unge si leiting etter sin eigen verdi og sin eigen identitet. For ungdommar kan det opplevast som godt når vi lyttar, anerkjenner og rettleier dei. Rettleiing skal i utgangspunktet skje på initiativet til dei unge. Det kan ofte verke mot hensikta si å vere formanande, men samtidig er det viktig å setje grenser. Det beste er om ein på førehand har tenkt igjennom, saman med dei unge, korleis ein kan setje sine eigne grenser.

Overgangar

Nokre ungdommar gruar seg til å byrje på ungdomsskulen eller vidaregåande skule. Nokon gruar seg så mykje at dei treng å møte deg på førehand og gjere avtalar om at du er der og møter dei den første dagen. Det at det finst ein barne- og ungdomsarbeidar som viser dei ekstra omsorg i friminutta og fritimane, og som kan vere i nærleiken til dei føler seg trygge nok til å vere åleine, er for nokon heilt avgjerande for korleis opplevinga av skuledagen blir.

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du prøve å bli kjend med ungdommane på ein måte som gjer at du skjønner kva omsorg dei treng. Det viktigaste er å vere til stades og prate med dei, og at du viser at du er interessert i det dei driv med. Spør om konkrete hendingar, til dømes korleis konserten gjekk, eller om han fekk kjøpt den mopeden han såg på i går. Du kan òg vise omsorg utan ord. Blikkontakt eller eit klapp på skuldra kan i nokre samanhengar seie meir enn ord.

Å bry seg

Som barne- og ungdomsarbeidar må du vise at du bryr deg og ønsker å vere ein støttande vaksen. Ungdommar treng å bli trudd på, tekne på alvor og dei treng kjærleik. Sjølv om ungdom gjer val som vi vaksne vil seie er ukloke, treng dei å bli møtte med kjærleik og varme. Ein del av omsorga er då å bry seg og prøve å hjelpe ungdommen så tidleg som mogleg. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du ikkje løyse slike problem åleine, men saman med kollegaene dine.

Det kan vere vanskeleg å møte ungdommar som prøver å finne balansen mellom å søke etter utfordringar og sjølvstende og tryggleik og vern. På den eine sida skal du vere lyttande og møte ungdommane i tankane og opplevingane deira, mens du på den andre sida må vere klar over kva tiltak du kan setje i verk. Derfor er det viktig at du hjelper til med å skaffe profesjonell hjelp tidleg.

Samarbeidspartar

PPT på skulen, sosiallærar eller rådgivar, helsestasjon for ungdom, fastlege og psykiatrisk helsepersonell har kompetanse på ungdom. Dette kan vere aktuelle instansar å kontakte ved bekymring for ein ungdom. Det er ofte slik at den unge sjølv ikkje vågar å søke hjelp eller rett og slett ikkje er klar over at det finst hjelp. For somme er det skremmande og truande å skulle ta imot hjelp frå framande vaksne menneske.

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du fortelje om dei ulike tenestene og til dømes hjelpe til med å bestille ein time hos helsesjukepleiar eller fastlege. Det kan vere vanskeleg å finne balansen mellom nærleik og distanse til eit menneske med behov for hjelp.

Utfordringar til deg

  1. Kva er viktig i omsorg for ungdommar?
  2. Korleis kan du vise kjærleik og varme for ungdommar?
  3. Kvifor kan det vere vanskeleg å finne balansen mellom nærleik og distanse til eit menneske med behov for hjelp?

Kjelder

Bakken, A. (2019). Ungdata. Nasjonale resultater 2019. (NOVA Rapport 9/19). https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/bitstream/handle/20.500.12199/2252/Ungdata-2019-Nettversjon.pdf?sequence=3&isAllowed=y

Bruserud, I. S., Júlíusson, P. B., Madsen, A. & Oehme, N. (2020). Starter puberteten tidligere enn før? Tidsskrift for Den Norske Legeforening, 2020(12). https://doi.org/10.4045/tidsskr.20.0043

Elvebakk, J. & Sørensen, H. M. (2016, 2. mars): Trygghetssirkelen for ungdomsforeldre. https://fontene.no/fagartikler/trygghetssirkelen-for-ungdomsforeldre-6.47.334892.ad2f97c0c6

Skrive av Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid og Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020