Omsorg og tilvenjing i barnehagen - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Omsorg og tilvenjing i barnehagen

Barn treng gode og trygge relasjonar, rutinar og føreseielegheit. Barn er nysgjerrige og utforskande. Dei utforskar best når dei er saman med menneske dei kjenner, og som dei er trygge på at vil støtte og hjelpe dei når dei treng det.

Å byrje i barnehage

Barn byrjar som regel i barnehagen omtrent når dei fyller eitt år. Det å byrje i barnehagen er ein stor overgang for eit barn. Dei skal skiljast frå det trygge forholdet dei har til foreldra og bli kjende på ein ny stad, vere saman med nye menneske, lære nye rutinar og dei får mindre tilgang på ein-til-ein-relasjon med trygge vaksne. Dette kan vere vanskeleg og stressande for barnet, spesielt for barn som treng mykje støtte for å regulere kjensler og åtferd. Små barn kan bli utrygge og kjenne sakn og til og med frykt når dei startar i barnehagen. Dei har derfor behov for ein nær og tilgjengeleg vaksen som er i stand til å sjå behova deira.

Eittåringar som blir møtte med varme, omsorg, medkjensle og tilpassa stimulering, og som får hjelp til å regulere kjenslene sine på ein god måte, finn seg godt til rette i barnehagen. Dei kan dermed dra nytte av dei utviklingsmoglegheitene som barnehagen gir. Til dette treng dei først og fremst positive vaksenrelasjonar og eit godt hverdagsliv i barnehagen.

Gråt

Små barn uttrykkjer seg ved hjelp av gråt. Hugs at gråt er språket til det vesle barnet og ein måte å kommunisere på. Når barn græt, betyr det at det treng kontakt. Kanskje det er redd for noko? Lei seg for noko? Eller det har slått seg? Det treng trøyst og at du dempar negative kjensler. Du må vere tilgjengeleg og ta deg tid til å trøyste. Anerkjenn barnet, prøv å forstå og vis at du føler med barnet.

Sjølv om barn i denne alderen i avgrensa grad forstår ord og omgrep, oppfattar dei stemningar og kroppsspråk. Dei erfarer gjennom sanseopplevingar og oppfattar dermed om dei nære personane er glade, redde, frustrerte eller sinte. Av den grunnen er det viktig at ein barne- og ungdomsarbeidar har fokus på seg sjølv. Kva signaliserer du med kroppen i møte med barna?

Stress

Små barn kan lett bli stressa. Det er mykje i ein kvardag kan påverke stressnivået til barnet. Det har ikkje alltid ord for å beskrive kjensler, og det har avgrensa erfaring med å regulere eigne kjensler. Dei blir lett overvelda dersom det skjer mykje på ein gong, til dømes viss stimuliane blir for intense eller skumle. Barn kan òg bli stressa dersom vaksne ikkje er tilgjengelege eller ikkje prøver å forstå, eller viss vaksne har ein påtrengjande og kontrollerande stil. Ulike former for kroppslege ubehag kan òg bidra til stress, til dømes viss barnet er svolten, tørst, trøytt/sliten eller har våt bleie.

Ei viktig omsorgsoppgåve er å hjelpe barn å regulere kjensler og kroppslege tilstandar. Til dømes trøyst når dei er lei seg eller redde, ny bleie når ho er våt, drikke når barnet er tørst, kvile når det er trøytt og sliten. På den måten bidreg du til å hjelpe barnet med å kome over vanskelege kjensler. Barnet kan roe seg ned og ha det bra, og på nytt vere trygg til å utforske omgivnadene.

For å redusere stress trengst det gode relasjonar mellom barn og vaksne. Dei vaksne må vere tilgjengelege akkurat når det trengst, og spesielt når barnet føler seg redd eller trua. Når barnet møter vaksne som ser dei individuelle særtrekka deira, er sensitive og kan gi respons på uttrykket til barnet, bidreg det positivt i kvardagen til barnet i barnehagen.

Utfordringar til deg

  1. Kva er tilknyting?
  2. Korleis vil du jobbe for å skape ei trygg tilknyting til barna?
  3. Kva fortel barnet deg når det græt?
  4. Kva kan påverke barnet si kjensle av stress?
  5. Korleis kan du bidra til å redusere stress hos barn?
  6. Kvifor har tilknyting stor betyding for barn?

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2017). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Kommuneforlaget.

Drugli, M. B. (2013). God omsorg for de yngste barna i barnehagen – hva skal til. https://www.yumpu.com/no/document/read/21672419/may-britt-drugli-god-omsorg-fylkesmannenno

Drugli, M. B. (2017). Liten i barnehagen. Forskning, teori og praksis. Cappelen Damm Akademisk.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er omsorg?

Omsorg er noko som skjer i relasjon mellom menneske. Det er noko du føler, og det handlar om å dekkje det grunnleggjande behovet til barn.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2023