Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dei stille barna

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du gi alle barn og unge god og aldersstilpassa omsorg. Ei gruppe barn og unge det er lett å gløyme i ein hektisk kvardag, er dei stille barna. Korleis skal vi gi god omsorg til barn og unge som er stille?

CASE

Du jobbar med eit barn (vel sjølv alder). Du har observert at barnet går mykje åleine og føresette har fortalt at barnet heller ikkje er saman med nokon på fritida. Barnet er lite delaktig i aktivitetar og tek ingen kontakt med andre barn eller vaksne. Du og kollegaene dine opplever barnet som sosialt tilbaketrekt. Du har observert at nokre andre barn har prøvd å ta kontakt, men at det no verkar som dei ikkje lenger er interesserte i kontakt.

Du veit at det er ikkje attraktivt å leike med nokon som ikkje tek initiativ eller viser lite engasjement. Eit stille barn som ikkje gir respons, kan bli oppfatta som uinteressert. Den stille åtferda kan hindre venskap og sosiale erfaringar, noko som er viktige beskyttelsesfaktorar for barn og unge.

Kva må du gjere for å gi barnet god omsorg?

Oppgåver

  1. Gå saman i grupper på fire. Først diskuterer to av dykk dei ulike punkta under. Dei andre to lyttar til det som blir sagt, og noterer stikkord (fem minutt).

    Diskuter korleis du vil vise barnet at du
    1. er der for det
    2. har tid til det
    3. ønskjer å vere til hjelp
    4. aldri gir opp
    5. vil barnet vel
    6. ønskjer å få til eit godt samspel
    7. ønskjer å finne ut kva som ligg bak den stille åtferda
    8. ønskjer å vere i livet til barnet (Korleis viser du det ved hjelp av kroppsspråket ditt?)
    Diskuter òg korleis du vil rettleie barnet i sosiale evner.
  2. Byt så side og la dei andre to reflekterer rundt dei same punkta (fem minutt).
  3. Avslutt med å skrive ned konkrete handlingar de vil gjere for å gi dette barnet god omsorg (ti minutt). Del det med klassen.
CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Tilpassa omsorg