Hopp til innhald

Fagstoff

Omsorg i spesielle situasjonar

Kva vil det seie å vere eit medmenneske? Eit av dei grunnleggjande behova menneska har, er behovet for sosial kontakt. Vi treng å bli sedde av andre. Som medmenneske skal vi gjere vårt for at andre skal ha det så bra som mogleg i den situasjonen dei er i.
Ei kvinne held eit lite barn med parkdress. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi på ein eller annan måte ikkje har det så bra, treng vi ekstra omsorg frå dei menneska vi har rundt oss. Det gjeld òg barn og unge som for eksempel er sjuke med feber, har brekt beinet eller fjerna mandlane.

Nedsett funksjonsevne

Barn og unge med nedsett funksjonsevne treng den same omsorga som andre jamaldrande samtidig som dei kan trenge litt ekstra hjelp og støtte. Kva som trengst, er individuelt, og behovet kan endre seg frå ein situasjon til ein annan. Kvar behov dei har, vil òg endre seg i takt med utviklinga til barnet.

Det er viktig at barn og unge med nedsett funksjonsevne blir handterte på same måte som andre på sin eigen alder og samtidig får dekt sine spesielle omsorgsbehov. Menneske med nedsett funksjonsevne opplever av og til at dei får for lite hjelp og omsorg, men dei kan òg oppleve at omsorga blir for overveldande, at dei som er sette til å hjelpe, gjer ting som dei burde fått trene seg opp til å meistre på eiga hand.

Livskriser

Barn og unge som opplever kriser i livet, kan nok trenge profesjonell hjelp av fastlege, helsesyster, barne- og ungdomspsykiatri eller andre. Det er likevel di plikt som barne- og ungdomsarbeidar å stille opp som medmenneske og profesjonell omsorgsarbeidar.

Det kan vere mange årsaker til at barn og unge i periodar treng ekstra omsorg og omtanke frå medmenneske rundt seg. Det kan vere

  • når ein av dei næraste døyr (for eksempel mor, far, besteforeldre eller sysken)

  • når nokon av dei næraste blir alvorleg sjuke

  • når barn og unge sjølve blir alvorleg sjuke (for eksempel får kreft, diabetes, astma eller epilepsi)

  • når foreldra flyttar frå kvarandre

  • når barn og unge flyttar til ein ny plass

  • når barn og unge går gjennom traumatiske opplevingar

  • når foreldra kranglar mykje

  • når barn og unge opplever mobbing, vald eller rasisme

  • når barn og unge nettopp er komne til Noreg frå eit anna land

  • når barn og unge opplever omsorgssvikt

Barn og unge som opplever ei slik krise i livet, kan i kortare eller lengre periodar vere borte frå barnehagen eller skulen. Desse barna kan ha mange tankar og mykje uro med seg, og vi må samarbeide med foreldra og dei andre vaksne på arbeidsplassen for å kunne møte desse barna på ein best mogleg måte.

Det kan variere i kor stor grad barn og unge som opplever kriser, vil ta imot omsorg òg. Dei treng tid til å gjennomarbeide opplevingar, og som menneske er vi forskjellige når det gjeld det å ta imot omsorg.

Utfordringar til deg

  1. Kva er best for deg når du er sjuk?

  2. Kva vil du gjere dersom eit av barna i barnehagen eller SFO blir sjukt og får feber?

  3. Korleis vil du ta imot eit barn som i lengre tid har vore borte frå praksisplassen din fordi mora har vore alvorleg sjuk?

  4. Korleis opplever du å ta imot omsorg frå andre menneske? Er det forskjell på kven som gir omsorga

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Tilpassa omsorg