Oppgåve
Dei yngste barna i barnehagen
Å etablere sensitive samspel er det viktigaste for dei små barna. Det er viktig at vaksne i barnehagen bidreg til å skape ei god tilknyting til barnet, hjelper barnet med vanskelege kjensler og støttar utforskinga til barnet.
Sjå filmen De yngste i barnehagen. Arbeid deretter i grupper.
- Diskuter følgjande spørsmål:
- Kvifor er sensitive samspel viktig for barn?
- Kva må de gjere for å vere sensitive?
- Korleis kan de møte barn som er lei seg, redde og stressa?
- Korleis kan de som barne- og ungdomsarbeidarar skape trygg tilknyting til barna?
- Kvifor er trygg tilknyting viktig for barn?
- Korleis kan de samarbeide med foreldre når barnet startar i barnehagen?
- Ta kontakt med ulike barnehagar og finn ut kva rutinar dei har for å ta imot nye barn og foreldre i barnehagen.
- Lag ein presentasjon av dei funna de gjer, og vis det for klassen. Presentasjonen kan innehalde både ei kort oppsummering av diskusjonen og dei funna de gjorde i barnehagen.