Hopp til innhald

Fagstoff

Dei gode relasjonane

Tenk deg at du er fire og eit halvt år og går i barnehagen og blir møtt av vaksne som bryr seg om deg. Då er du ikkje så redd. Du kan trygt vere med og lære deg nye ting som du blir stolt av. Leike og vere saman med andre. Då har du det fint.

Utfordringar til deg

  1. Kva bidreg til gode kvardagar for barn i barnehagen?
  2. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar bidra til at barn blir trygge og tør å utforske i barnehagen?
  3. Korleis skape gode relasjonar til barn?
  4. Kva betyding har det for barnet at det opplever at det er trygt i barnehagen, med omsorgsfulle vaksne?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023

Læringsressursar

Tilpassa omsorg