Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Notfall!

Jobb med ein film om ein nødssituasjon på ein skule. I etterkant kan klassen òg jobbe med ein case der nokon treng akutt helsehjelp.

Diskutiert auf Deutsch oder Norwegisch:

  1. Was ist ein Notfall? .

  2. Was bei Notfällen tun?

  3. Was sollte man nicht tun?

  4. Welche Notrufnummer haben wir in Norwegen?

  5. Wie die europäische Notrufnummer?

Film: Notruf 112

Tips til arbeidsmåte

  1. Sjå over glosene i boksen før du ser filmen. Les dei gjerne høgt.

  2. Sjå filmen (lengde 01:53) og svar på spørsmåla.

  3. Les transkripsjonen i boksen. Lytt til filmen mens du les.

  4. Sett om teksten munnleg i par. A er Lena, og B er Paul og personen på redningssentralen.

  5. Les dialogen høgt med fordelte roller. Prøv å leve dykk inn i rollene!

Obs!

Filmen har som hovudformål at du skal lære språk, han er ingen instruksjonsfilm. Du som er driven i førstehjelp, kan kanskje peike på helsefaglege svakheiter i filmen?

Fragen zum Film

  1. Wie geht es Paul?

  2. Was tut Lena, helfen?

  3. Was kann mit ihm los sein?

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Transkripsjon

Lena: Hallo, Paul! Wie geht es dir?

Paul: Ich weiß . Ich habe Bauchschmerzen.

Lena: Ah, hast du gegessen?

Paul: Keine Ahnung. Gestern war ich beim und habe Bratwurst mit Pommes gegessen. Aber ich glaube, . Ich muss mich übergeben! Ich muss zur Toilette ...! [Paul läuft zur Schultoilette]

Lena: [auf der Toilette]: Paul?! Ist alles in Ordnung? Paul, ?

Paul: Mir ist schwindlig und so heiß.

Lena: [fühlt Puls]: Dein Puls ist . Paul!? Paul?! [Paul wird ohnmächtig ...]

Lena: [will die Notrufnummer anrufen]: Wie war die Notrufnummer? [ die Notrufnummer und dabei die Zahlen aus]: Eins – eins – zwei.

RZ: Rettungszentrale, guten Tag! Was ist passiert?

Lena: Hallo, mein Freund ist bewusstlos. Er ist hier auf der Toilette. ! Was soll ich jetzt machen?!

RZ: . Wo sind Sie ?

Lena: Ich bin im Schiller-Gymnasium, bei den Toiletten in der ersten Etage.

RZ: Wie alt ist Ihr Freund?

Lena: Er ist 17.

RZ: Fühlen Sie seinen Puls am Hals. Hat er Puls?

Lena: Ja, aber nur sehr schwach.

RZ: Wir sind da. Bleiben Sie bei Ihrem Freund. Bringen Sie ihn in und halten Sie ihn warm, zum Beispiel mit einer Jacke.

Lena: [spricht ganz ]: OK, OK, OK.

RZ: Wie ist Ihr Name?

Lena: Lena Petersen.

RZ: Wenn er aufwacht, sprechen Sie mit ihm.

Lena: Ja, ich versuche es.

RZ: Lena, bewahren Sie Ruhe, Sie das!

Vokabeln

die Bauchschmerzen
magesmerter
mir wird übel
eg begynner å bli kvalm
sich übergeben
å kaste opp
schwindlig
svimmel
heiß
veldig varm, heit
der Puls
puls
bewusstlos sein
å vere bevisstlaus
die Notrufnummer
nødnummer
anrufen
å ringe
die Rettungszentrale
redningsteneste
den Puls fühlen
å kjenne etter pulsen
aufgeregt
opprørt
die Ruhe bewahren
å bevare roa, å ta det roleg

Was sagt Lena?

Gjer øving A eller B. Begge øvingane kan gjerast anten med eller utan tips.

  1. Set inn passande vokalar (a, e, i, o, ö, u, ü). Bruk den enklare versjonen i boksen om du står fast.

    1. Hll,Pl!Wghtsdr?

    2. stllsnOrdnng?

    3. DnPlsstgnzschwch.

    4. MnFrndstbwsstls.

    5. sghthmshrschlcht.

    6. Wssllchjtztmchn?

Øving A med tips
  1. Hll, Pl! W ght s dr? (helsar på ein venn)

  2. st lls n Ordnng? (stiller eit oppfølgingsspørsmål)

  3. Dn Pls st gnz schwch. (legg merke til at noko er gale)

  4. Mn Frnd st bwsstls. (oppgir helsetiltanden til vennen)

  5. s ght hm shr schlcht. (beskriv korleis det går med han)

  6. Ws sll ch jtzt mchn? (spør om råd)

  1. Skriv dei tyske setningane. Bruk tipsa om du treng det.

Imperativ

Repeter bruken av imperativ, og gjer deretter øvingane.

Øvingar: Gi råd!

Was sagen Lena und Paul?

  • Elev A les den tyske setninga høgt, elev B set ho om til norsk. Snu så kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort og byt roller.

  • Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No set de om dei norske setningane til tysk! Bruk tipsa om de treng litt hjelp. A les den norske setninga høgt, B set om. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare og byt roller.

Case: Hilfe!

På ein skuletur hamnar to norske elevar i ein dramatisk nødssituasjon. No treng dei all den hjelpa dei kan få! I denne oppgåva må de takle ei rekke utfordringar. Målet er at de skal meistre situasjonar der de må snakke tysk. Lykke til!

Framgangsmåte

Jobb i grupper på fire.

  • Start med å lese situasjonsbeskrivinga nedanfor. Kva utfordringar møter elevane her? Kva tema må dei kunne snakke om på tysk for å handtere utfordringane?

  • Fordel dei fire rollene mellom dykk. Sjå boksen "Roller og dialogar".

  • Kvar gruppe lagar seks dialogar. Jobb gjerne i par og skriv tre dialogar kvar. Bruk skrivehjelpa nedst på sida, og ordbok.

  • Les dialogane de har skrive, for det andre paret på gruppa. Få tilbakemelding på innhald og språk.

  • Forbetre innhald og språk. Øv på å framføre dialogane som rollespel. Hugs god innleving!

  • Film rollespelet med mobilkamera, og del det med lærar. C og D filmar når A og B framfører, og så filmar A og B når C og D framfører.

Situasjonsbeskriving

Ein vidaregåande skule i Noreg har organisert ein tur til Innsbruck i Austerrike for tyskelevane. Eit høgdepunkt på turen er ein dag i skibakkane. Sola skin, snøen glitrar og stemninga er på topp.

Etter lunsj bestemmer to av elevane seg for å prøve ein av dei brattare bakkane. Dei seier ha det til dei andre og tek skiheisen til toppen. For ei utsikt! Massive snødekte fjell så langt auget kan sjå. Dei set utfor. Plutseleg ser X [namn] at Y [namn], som køyrer eit stykke framfor hen, kolliderer med ein annan skiløpar og forsvinn i ei sky av snø.

X fortar seg til ulykkesstaden og finn Y. Den andre skiløparen har tydelegvis berre køyrt vidare. X skjønner at Y er bevisstlaus. No gjeld det å handle raskt! X tar opp mobilen og slår nødnummeret. Redningstenesta svarer, og X forklarer situasjonen. X må svare på nokre spørsmål og får beskjed om kva hen skal gjere for å gi vennen god førstehjelp.

Etter ei stund kjem ambulansepersonellet, og dei to elevane blir frakta til sjukehuset. Ein ung lege undersøker Y. Legen ber Y om å utføre ulike rørsler og undersøker dei delane av kroppen som kan vere skadde. Y fortel kvar det gjer vondt.

Politiet kjem for å snakke med X fordi hen var vitne til ulykka. Politibetjenten spør korleis skiløparen som Y kolliderte med, såg ut, og noterer det X fortel. Hen spør òg kvar dei norske elevane bur, men X har gløymt adressa. X beskriv kvar overnattingsstaden ligg, og viser det på kartet. Før politibetjenten går, må X lese og signere forklaringa.

Ein sjukehustilsett ber Y stave namnet sitt. Hen spør etter fødsels- og personnummer og etter reiseforsikring og/eller Europeisk helsetrygdekort. Y hugsar at dei snakka om dette på skulen før avreise, og at dei fekk med eit kort heimanfrå. Til slutt spør den tilsette om mobilnummeret til læraren, og Y oppgir nummeret som hen har lagra på mobilen.

Mens X ventar på at læraren skal komme, går hen i kantina for å kjøpe noko å ete. Men kva betyr det som står på menyen? Kassabetjenten er hyggeleg og spør kvar X kjem frå. Hen forklarer dagens meny, og X stiller eit par spørsmål om maten før hen bestiller noko som ikkje er så vanleg i Noreg.

Neste dag blir Y skriven ut av sjukehuset. På skulen møter Y ein austerriksk elev som hen har blitt kjent med på turen. Eleven spør Y korleis det går, og kva som har skjedd. Y fortel om ulykka. Eleven seier at Y har hatt flaks, og det er Y einig i. Dei avtaler å møtast seinare, og eleven ønsker Y god betring.

Så kom det då noko godt ut av denne situasjonen! X og Y fekk snakka masse tysk og erfart at det går an å løyse problem på eiga hand. Og dét i eit tysktalande land!

Tekst: Anja Pietzuch, Anna Holvik / CC BY-SA 4.0
Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 25.08.2026