Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald
Lyd

Einstieg: Die Zahlen von null bis zwanzig

Lær å telje frå null til tjue på tysk!

1. Die Zahlen lernen

Lær tala utanåt slik at du kan bruke dei når du snakkar og skriv tysk. Gå gjennom presentasjonen "Tala frå null til tjue på tysk" i klassen, og gjer øvingane. Slik kan du jobbe på vegen mot målet:

Felles i klassen:

  • Høyr korleis tala blir uttalte, og gjenta kvart tal høgt i kor.

  • Les heile talrekka høgt i kor. Gjenta til uttalen sit.

Individuelt arbeid:

  • Skriv tala (helst for hand). Pass på rettskriving!

  • Pugg talrekka. Kor mange tal klarer du å lære på fem minutt?

I par:

  • Éin seier eit tal på tysk, den andre seier det på norsk.

  • Éin seier eit tal på norsk, den andre seier det på tysk.

  • Éin seier eit tal på tysk, den andre skriv det på tysk.

2. Tala 0–10

Korleis skriv vi tala frå null til ti på tysk?

3. Tala 11–20

Korleis skriv vi tala frå elleve til tjue på tysk?

4. Lytt og rekn ut

Lytt til reknestykka og skriv dei ned. Rekn ut svara. Den som blir først ferdig, vinn og les opp svara sine – på tysk, sjølvsagt!

Lösung

2 + 13 = 15

7 + 5 = 12

14 + 6 = 20

8 + 9 = 17

10 + 10 = 20

11 + 7 = 18

16 + 3 = 19

12 + 2 = 14

4 + 13 = 17

15 + 4 = 19

17 + 1 = 18

19 + 0 = 19

5. Skriv tala

Prøv deg på den store taltesten!

6. Tal-leik

Avslutt med ein tal-leik!

  1. Stå i ring.

  2. Den som startar, seier talet eins og klappar samtidig på skuldra til ein av naboane til venstre eller høgre.

  3. Den som blir klappa på, seier talet zwei og klappar samtidig på skuldra til naboen til venstre eller høgre.

  4. Denne personen seier drei, og slik held det fram. Retninga skiftar stadig vekk, så det gjeld å følge godt med!

  5. Den som kjem til talet ti (eller eit anna tal som er valt som høgaste tal), skal ikkje klappe vidare, men legge armane i kross slik at hendene peiker i kvar si retning, og si zehn.

  6. Armen som ligg øvst, viser kva retning leiken no skal ta. Dersom armen peiker mot høgre, er det personen til høgre som må seie talet eins og klappe på ei skulder. Osb.

Etter nokre rundar kan de prøve ein ny variant der dei som gjer feil, må springe ei strafferunde på utsida av ringen og tilbake på plass. Litt meir kaos, og kanskje endå meir moro!

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 27.05.2025