Grammatikk: Substantiv

Øving 1
Her er nokre stikkord frå det som står om substantiv i leksjon 1:
namn på levande vesen, ting osb.
eigennamn, fellesnamn
stor og liten forbokstav
Kan du forklare nærare? Og veit du kanskje endå meir om substantiv? Snakk med ein medelev og noter. Samanlikn deretter med svarforslaga under.
Substantiv og kjønn
Norske og tyske substantiv kan vere hankjønnsord, hokjønnsord eller inkjekjønnsord.
hankjønn | hokjønn | inkjekjønn | |
|---|---|---|---|
norsk | ein venn | ei venninne | eit barn |
tysk | ein Freund | eine Freundin | ein Kind |
Øving 2
Veit du rett artikkel og kjønn på substantiva du har lært i leksjon 1 og 2? Gjer øvinga og test deg sjølv.
Talbøying
Norske og tyske substantiv har talbøying: Dei kan stå i eintal eller fleirtal.
eintal | fleirtal | |
|---|---|---|
norsk | ein venn ei fløyte eit land | mange venner mange fløyter mange land |
tysk | ein Freund eine Flöte ein Land | viele Freunde viele Flöten viele Länder |
Øving 3
Les eksempelsetningane og finn alle fleirtalsformene av substantiv. Vel mellom interaktiv øving og vanleg tekst.
Øving 4
Bruk tipsa og prøv å lage korrekt fleirtalsform av substantiva.
Bestemtheit
Substantiv i norsk og tysk kan stå i bestemt eller ubestemt form.
Ubestemt og bestemt artikkel viser om substantivet har ubestemt form (ein skrutrekkar) eller bestemt form (skrutrekkaren).
Ubestemt form bruker vi når nemner noko for første gong, eller når vi ikkje tenker på nokon bestemt person eller ting: Har du søsken? Eg treng ein skrutrekkar.
Bestemt form bruker vi når vi har eit bestemt person eller ting i tankane: Har du møtt søstera mi? Gi meg hammaren, er du snill.
I tysk står artikkelen alltid framfor substantivet, slik som på engelsk (a/an, the).
Hankjønn | Hokjønn | Inkjekjønn | Fleirtal | |
|---|---|---|---|---|
Ubestemt form | ein Name | eine Sprache | ein Spiel | Namen, Sprachen, Spiele |
Bestemt form | der Name | die Sprache | das Spiel | die Namen, die Sprachen, die Spiele |
Øving 5
Øv på bestemt og ubestemt artikkel. Vel mellom interaktive øvingar og tekstversjon.
Øving 6
Prøv å forklare bruken av bestemt og ubestemt form i eksempelsetningane under. Samanlikn deretter grunngivingane dine med løysingsforslaget. (Jobb gjerne saman med ein medelev!)
Eg skal kjøpe nye støvlar.
Gitaren til Maria er ny.
Har Sanna ein hobby?
Ja, hobbyen til Sanna er karate.