Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald
Lyd

Einstieg: Die Zahlen von einundzwanzig bis hundert

Lær å telje frå tjueein til hundre på tysk!

1. Die Zahlen lernen

Lær tala utanåt så du kan bruke dei når du snakkar og skriv tysk. Gå gjennom presentasjonen "Tala frå tjueein til hundre på tysk" i klassen, og gjer øvingane. Slik kan du jobbe på vegen mot målet:

In der Klasse

  • Høyr korleis tala blir uttalte, og gjenta kvart tal høgt i kor.

  • Les heile talrekka høgt i kor. Gjenta til uttalen sit.

Individuelle Arbeit

  • Skriv tala (helst for hand). Pass på rettskrivinga!

  • Pugg talrekka. Kor mange tal klarer du å lære på fem minutt?

Zu zweit

  • Éin seier eit tal på tysk, den andre seier det på norsk.

  • Éin seier eit tal på norsk, den andre seier det på tysk.

  • Éin seier eit tal på tysk, den andre skriv det på tysk.

2. Korleis skriv vi tala?

Veit du korleis vi skriv tala under med bokstavar? Om du allereie er trygg på skrivemåten, kan du notere rett frå minnet. Om du treng litt drahjelp, kan du starte med fleirvalsoppgåva.

Dette er tala: 40, 51, 63, 85, 72, 94, 100, 47, 36, 68, 22, 27

3. Skriv tala

Full runde med alle tala du har øvd på! Gå rett på "Fyll inn" om du kjenner deg rimeleg trygg på tala. Byt til "Dra tekst" om du treng ein mjukare start.

4. Lytt og forstå

Lytt til lydsporet og skriv tala du høyrer, med siffer. Bruk skrivefelta nedanfor eller noter på annan måte.

5. Reknestykke

  • Lehrer: Was ist 12 plus 8, Martina?

  • Martina: Das ist 19.

  • Lehrer: Hm… nach …

  • Martina: Äh … 20?

  • Lehrer: Ja, richtig. Und ist 46 minus 32?

  • Martina: 46 minus 32 ... hm ... 14.

  • Lehrer: Ja, super, Martina!

Addieren und subtrahieren

  • Lehrer: Jakob, was ist 12 8.

  • Jakob: Hm.. 10 mal 8 ist 80, plus 16 … 96!

  • Lehrer: Super, Jakob. Lena, was ist 35 7?

  • Lena: Das ist 5, oder?

  • Lehrer: Ja, das stimmt, 5 ist richtig. Prima!

Multiplizieren und dividieren

Skriv ned og rekn ut

Skriv ned tala du høyrer, med siffer, og rekn ut summen. Førstemann les opp svara sine – på tysk, sjølvsagt! Dei andre sjekkar om svara stemmer.

6. Tal-leik

  • Stå i ring. Den som startar, seier talet eins og klappar samtidig på skuldra til ein av naboane til venstre eller høgre.

  • Den som blir klappa på, seier talet zwei og klappar samtidig på skuldra til naboen til venstre eller høgre.

  • Denne personen seier drei, og slik held det fram. Retninga skiftar stadig vekk, så det gjeld å følge godt med!

  • Den som kjem til talet tretti (eller eit anna tal som er valt som det høgaste), skal ikkje klappe vidare, men legge armane i kors slik at hendene peikar i kvar si retning, og seie dreißig.

  • Armen som ligg øvst, viser kva retning leiken no skal ta. Dersom han peikar mot høgre, er det personen til høgre som må seie talet eins og klappe på ei skulder. Osb.

Etter nokre rundar kan de prøve ein ny variant der dei som gjer feil, må springe ei strafferunde på utsida av ringen og tilbake på plass. Litt meir kaos, og kanskje endå meir moro!

7. Moro med tal

Talkonkurranse

  • Alle skriv ned fire tal (siffer) på ein lapp. Brett lappane og samle dei i ein bolle.
  • Kvar elev trekker ein lapp og set seg saman med ein medelev.
  • Elev A les tala sine høgt for partnaren, og elev B skriv ned talet både som siffer og som ord, til dømes "0 – null". Eitt poeng for kvart siffer og kvart ord som er rett (maks 8 poeng).
  • Begge sjekkar at tala er forstått og skrivne rett, og så byter de roller. Kven får flest poeng?

Utvid talrekkene

  • Læraren skriv opp ei talrekke på tavla, eller les opp ei talrekke som de skal notere på ark.
  • Jobb i par. Finn mønsteret i rekka og noter dei neste fem tala.

  • Eit par som har klart talrekke 1, skriv henne på tavla og forklarer mønsteret på tysk eller norsk.

  • Deretter les alle talrekka høgt på tysk før de går vidare til neste talrekke.

Talrekker

  1. 2, 7, 12, 17, …

  2. 1, 2, 4, 7, 11, …

  3. 11, 9, 15, 13, 19, 17 …

  4. 1, 2, 4, 5, 7, 9, 10, 12, 14, 16, …

  5. 0, 1, 1, 2, 3, 5, 8, 13, 21, 34, …

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 14.12.2025