Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Setningsanalyse

Vi analyserer setningar for å finne ut kva setningsledd dei inneheld. Setningsanalyse er eit nyttig verktøy når du lærer tysk eller andre språk.

Kva er setningsanalyse?

Setningar består av to eller fleire setningsledd. Å analysere setningar vil seie å finne ut kva for setningsledd dei inneheld.

Kvart setningsledd har ein bestemt . Nokre eksempel:

  • Subjektet gir svar på spørsmålet: Kven gjer noko?

  • Verbalet gir svar på spørsmålet: Kva gjer subjektet? Hva skjer?

  • Det direkte objektet gir svar på spørsmålet: Kven eller kva er handlinga retta mot?

Desse spørsmåla kan vi bruke når vi analyserer setningar.

Leddstilling

Også plasseringa i setninga kan fortelje deg kva setningsledd du har med å gjere, for setningsledda står ikkje i tilfeldig rekkefølge.

I ei forteljande setning for eksempel står vanlegvis subjektet (den som gjer noko) først, så kjem verbalet (handlinga) og så det direkte objektet (den eller det som handlinga er retta mot):

  • Eg elskar hunden min! Ich liebe meinen Hund!

  • Du snakkar tysk. Du sprichst Deutsch.

Kvifor treng du å kunne dette?

Det enkle svaret på dette spørsmålet er: fordi kunnskapar om grammatikk og setningsanalyse hjelper deg å lære eit nytt språk både raskare og betre. Du får eit fagspråk til å beskrive reglane i språket. Det gjer at du forstår betre korleis språket fungerer.

Eksempel: kasus i tysk

Tysk er eit kasusspråk. I språk med kasus får orda ulike endingar eller eigne former som viser om eit setningsledd er subjekt, direkte objekt eller indirekte objekt.

Vi kan ta eit eksempel frå norsk:

  • Vi ser deg. Du ser oss.

Vi og du er subjektformer: Dei fortel kven det er som ser. Deg og oss er objektformer: Dei fortel kven det er som blir sett.

Det same gjeld for tysk:

  • Wir sehen dich. Du siehst uns.

Wir og du er subjektformer, dich og uns er objektformer.

Norsk har nesten ikkje kasusformer igjen, mens tysk altså har ein del meir kasusbøying. Her er eit eksempel til:

  • Bror min heiter Leon. Kjenner du bror min?

  • Mein Bruder heißt Leon. Kennst du meinen Bruder?

I den første setninga er bror min subjekt, i den andre direkte objekt, men på norsk er altså formene heilt like. På tysk får eigedomsordet mein endinga -en i setning to. Endinga viser at meinen Bruder er direkte objekt.

For å få tysk kasusbøying rett må altså du vite kva setningsledd du har med å gjere. Derfor er det lurt å øve på å analysere setningar. Etter kvart kjem du til å sjå veldig raskt kva setningsledd ei setning inneheld!

Setningar og setningsledd

Alle setningar må innehalde minst to setningsledd: verbal og subjekt. I tillegg kan dei innehalde andre setningsledd, for eksempel eit direkte objekt.

Eit setningsledd kan bestå av eitt eller fleire ord:

  • Adam et pizza.

  • Adam og Line et pizza.

I den første setninga er Adam subjekt, i den andre setninga Adam og Line.

Verbal

Verbalet fortel oss kva som skjer. Det kan uttrykke ei handling, ein prosess eller ein tilstand:

  • Adam et. (handling)

  • Huset forfell. (prosess)

  • Barnet søv. (tilstand)

Enkelt verbal

Eit enkelt verbal består av berre eitt verb:

  • Adam et. Barnet smilte.

Samansett verbal

Eit samansett verbal består av to eller fleire verb:

  • Adam må ete. Barnet har sove. Du burde ha ringt meg.

Øving 1

Finn verbalet i setninga. Hugs at verbalet kan bestå av fleire verb.

Oppgåva som tekst

Kan du finne verbalet i setningane? Hugs at verbalet kan bestå av fleire verb.

Setningane

  1. Anna hört gern Musik.

  2. Meine Mutter arbeitet als Lehrerin.

  3. Ich spiele Gitarre.

  4. Kommt Marco aus Dresden?

  5. Wir haben eine Katze.

  6. I morgon skal eg besøke besteforeldra mine.

  7. Dei har kjøpt to kaninar.

  8. Vi vil dra til Tyskland til sommaren.

Subjekt

Subjektet er til vanleg den som utfører handlinga. Du finn subjektet ved å stille subjektspørsmålet: Kven/kva + verbalet.

  • Per skriv. (Kven skriv? Svar: Per)

  • Bilen punkterte. (Kva punkterte? Svar: bilen)

Kva høyrer med til subjektet?

Subjektet kan bestå av eitt eller fleire ord:

  • Mannen smiler.

  • Den unge mannen smiler.

  • Den unge mannen i den blå sofaen smiler.

For å finne subjektet eller finne ut kor mange ord som høyrer med til subjektet, kan du for eksempel

  1. stille subjektspørsmålet: Kven eller kva smiler?

  2. erstatte subjektet med eit : Han smiler.

  3. gjere flytteprøva. Dersom du gjer om setninga til eit spørsmål, må subjektet flytte til plassen bak verbalet: Smiler den unge mannen i den blå sofaen?

Øving 2

Kan du finne subjektet i setninga?

  • Les den tyske setninga og omset henne til norsk. Trykk så på i-knappen for å sjekke omsetjinga.

  • Still subjektspørsmålet (Kven/kva + verbal) for å finne subjektet i setninga.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten.

Direkte objekt

Det direkte objektet er den eller det som handlinga er retta mot. Vi kan finne det direkte objektet ved å stille objektspørsmålet: Kven/kva er det + subjekt + verbal.

  • Per slår Pål. (Kven er det Per slår? Svar: Pål)

  • Anne kjøper ei bok. (Kva er det Anne kjøper? Svar: ei bok)

  • Musikk elskar eg! (Kva er det eg elskar? Svar: musikk)

Øving 3

Prøv sjølv! Still objektspørsmålet (Kven/kva er det + subjekt + verbal) for å finne objektet i setninga. Når du har funne objektet, skriv du det inn i det tomme feltet.

Eksempel:

  • Han sender eit brev.

  • Kva er det han sender?

  • Svar: Eit brev (eit brev = objektet)

Øving 4

Kan du finne dei ulike setningsledda?

Predikativ

Predikativet er eit setningsledd som beskriv subjektet nærare. Det er berre nokre få verb som tek predikativ. Dei vanlegaste er å vere, å bli og å heite. Verbet å bli tek predikativ i betydninga "å bli til noko".

På tysk heiter dei tilsvarande verba sein, werden og heißen.

Eksempel

  • Ich bin Schüler/in. (Eg er elev.)

  • Er wird Krankenpfleger. (Han blir sjukepleiar. / Han utdannar seg til sjukepleiar.)

  • Unsere Lehrerin heißt Frau Kleven. (Læraren vår heiter fru Kleven.)

  • Sie ist nett. (Ho er hyggeleg.)

Predikativ eller direkte objekt?

  • Predikativ og direkte objekt står til vanleg på plassen etter verbalet.

  • Det er berre nokre få verb som tek predikativ. Hugs derfor verba å vere, å bli og å heite, på tysk: sein, werden og heißen.

  • Verb som tek direkte objekt, kan ikkje ta predikativ. Verb som tek predikativ, kan ikkje ta direkte objekt.

  • Ei setning kan derfor berre innehalde eit predikativ eller eit direkte objekt, aldri begge delar.

Øving 5

Kan du forskjellen på predikativ og direkte objekt? Test deg sjølv!

Øving 6

Analyser setningane og finn subjekt (S), verbal (V), direkte objekt (DO) og predikativ (P). Hugs at ei setning berre kan innehalde eit predikativ eller eit direkte objekt, aldri begge delar!

  1. Ich koche Spaghetti.

  2. Frau Hansen ist Ärztin.

  3. Spielst du Gitarre?

  4. Wir sprechen Norwegisch und Englisch.

  5. Olav ist Norweger.

  6. Ich heiße Karin.

Lösung

  1. Ich (S) koche (V) Spaghetti (DO).

  2. Frau Hansen (S) ist (V) Ärztin (P).

  3. Spielst (V) du (S) Gitarre (DO)?

  4. Wir (S) sprechen (V) Norwegisch und Englisch (DO).

  5. Olav (S) ist (V) Norweger (P).

  6. Ich (S) heiße (V) Karin (P).

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 05.08.2025