Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Nominativ og akkusativ

Du har kanskje høyrt at tysk er eit kasusspråk. Kva betyr det eigentleg? Lær litt om kasusbøying, og bli kjent med to kasus: nominativ og akkusativ.

Kva er kasus?

Tysk er eit kasusspråk. I språk med kasus kan ord få ulike endingar eller former som viser kva funksjon dei har i setninga. Med funksjon meiner vi om dei er , , eller .

Døme

Tyske eigedomsord (mein, dein osv.) har kasusbøying:

  1. Mein Hund heißt Bello. Hunden min heiter Bello.

  2. Ich liebe meinen Hund! Eg elskar hunden min.

"Mein Hund" er subjekt i setning A, "meinen Hund" er direkte objekt i setning B.

Kasus i norsk

Norsk er i slekt med tysk, og også norsk var ein gong eit kasusspråk. Over tid har dei to språka utvikla seg ulikt, og i dag er det berre nokre få kasusformer igjen i norsk.

Men fleire har framleis ulike subjekts- og objektsformer. Vi skil til dømes mellom eg (subjekt) og meg (objekt), du (subjekt) og deg (objekt), osv.

Øving 1

Analyser setningane. Finn (V), subjekt (S) og direkte objekt (DO).

  1. Du elskar meg.

  2. Eg elskar deg.

  3. Kjenner vi dei?

  4. Dei kjenner oss.

Fasit

Analyse av setningane

  1. Du er subjekt, elskar er verbal, meg er direkte objekt.

  2. Eg er subjekt, elskar er verbal, deg er direkte objekt.

  3. Kjenner er verbal, vi er subjekt, dei er direkte objekt.

  4. Dei er subjekt, kjenner er verbal, oss er direkte objekt.

Nominativ og akkusativ

Tysk har fire kasus, og du skal no lære om to av dei: nominativ og akkusativ.

  • Nominativ er forma til subjektet og et. Det er denne forma du finn når du slår opp i ordlister og ordbøker.

  • Akkusativ er forma til det direkte objektet.

Personlege pronomen i nominativ og akkusativ

Tyske personlege pronomen har kasusbøying, akkurat som dei norske. Gå gjennom tabellen under og lær deg alle pronomenformene før du held fram med oppgåvene.

Personlege pronomen i nominativ

nominativ

akkusativ

norsk

første person eintal

ich

mich

eg – meg

andre person eintal

du

dich

du – deg

tredje person eintal

erihnhan – han

tredje person eintal

siesieho – henne/ho

tredje person eintal

esesdet – det
første person fleirtalwirunsvi – oss

Øving 2

Artiklar og eigedomsord

I tysk har og kasusbøying. Om du er trygg på nominativformene, får du ein grei jobb. Det er nemleg berre ved hankjønnsord i eintal du må passe på. Elles har artiklar og eigedomsord lik form i nominativ og akkusativ.

Gå gjennom tabellen og repeter kort.

bestemt artikkel

hankjønn

hokjønn

inkjekjønn

fleirtal

nominativ

derdiedasdie

akkusativ

dendiedasdie
Ubestemt Artikkel og eigedomsord

hankjønn

hokjønn

inkjekjønn

fleirtal

nominativ

ein, meineine, meineein, mein---

akkusativ

einen, meineneine, meineein, mein

meine

Øving 3

I setningane under finn du setningsledda der Hund, einen Hund, mein Hund og ein Dackel.

  • Kva kasusformer er dette?

  • Og kva setningsledd er det snakk om?

Setningar til analyse

  1. Der Hund trinkt Wasser. Hunden drikk vatn.

  2. Ich habe einen Hund. Eg har ein hund.

  3. Mein Hund ist ein Dackel. Hunden min er ein dachshund.

Svar

  • I setning A er der Hund subjekt, og uttrykket står derfor i nominativ.

  • I setning B er einen Hund direkte objekt, og uttrykket står derfor i akkusativ.

  • I setning C er mein Hund subjekt, og uttrykket står derfor i nominativ. Ein Dackel er , og uttrykket står derfor i nominativ.

Øving 4

Øv på artiklane i nominativ og akkusativ.

Øving 5

Litt ekstratrening!

Øving 6

Jobb gjerne i par!

  • Analyser den norske setninga: Finn verbal, subjekt og direkte objekt.

  • Omsett setninga til tysk. Vel i-ikonet om du treng å vite kjønnet på dei tyske substantiva.

  • Snu kortet og les fasiten høgt.

Øving 7

Ta testen for å sjå kor mykje du no kan om setningsledd, nominativ og akkusativ.

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 24.02.2026