Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald
Lyd

Übungen: Meine Familie

Øving gjer meister! Repeter og jobb vidare med temaet familie: Øv på å snakke og skrive om temaet på tysk.

1. Bli ein glosemeister

Pugg glosene til teksten "Marcos Familie"!

  • Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).

  • Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.

  • Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.

  • Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa.

2. Les og omset

Jobb saman to og to.

  1. Elev A les den tyske setninga høgt, elev B omset han til norsk. Snu kortet og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort og byt roller.

  2. Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No omset de dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, B omset henne. Bruk tipsa om de treng det. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare og byt roller.

3. Mein eller meine?

Når bruker vi "mein", og når bruker vi "meine"?

4. Tre intervju (personbeskrivingar)

Jobb to og to. Lytt til intervjuet fleire gonger og finn opplysningar om namn, alder og utsjånad. Etter kvar lytterunde fortel de kvarandre på tysk kva de har funne ut. Hald fram til de har svart på alle punkta.

Interview 1

Wer ist das?

  • Person

  • Alter

  • Größe

  • Haare

  • Augen


Interview 2

Wer ist das?

  • Person

  • Alter

  • Haare

  • Augen

  • Größe

  • Figur

  • Piercings


Interview 3

Wer ist das?

  • Person

  • Eltern kommen aus ...

  • Alter

  • Haare

  • Augen

  • Größe


5. Husdyr: "Ist das dein/deine ...?"

Her øver du på rett form av eigedomsorda mein/dein og personleg pronomen.

NB. I tysk bruker vi pronomena han, ho og det (er, sie, es) på same måten som i nynorsk:

  • der Hund (hankjønnsord) = er (han)

  • die Ratte (hokjønnsord) = sie (ho)

  • das Meerschweinchen (inkjekjønnsord) = es (det)

  • Jobb i par. Les dialog A med fordelte roller. Byt på kven som spør og kven som svarer.

  • Varier dialogen med andre kjæledyr frå lista og finn på nye namn.

  • Spel dialogen utan manus. Gå vidare til dialog B og hald fram på same måten.

A: Hankjønn (Das ist mein ...)

  • Ist das dein Hund?

  • Ja, das ist mein Hund.

  • Wie heißt er?

  • Er heißt Bello.

Varier med: der Hamster, der Wellensittich

B: Hunkjønn (Das ist meine ...)

  • Ist das deine Katze?

  • Ja, das ist meine Katze.

  • Wie heißt sie?

  • Sie heißt Nala.

Varier med: die Ratte, die Maus

C: Inkjekjønn (Das ist mein ...)

  • Ist das dein Kaninchen?

  • Ja, das ist mein Kaninchen.

  • Wie heißt es?

  • Es heißt Kriss.

Varier med: das Meerschweinchen, das Pferd

D: Fleirtal (Das sind meine ...)

  • Sind das deine Goldfische?

  • Ja, das sind meine Goldfische.

  • Wie heißen sie?

  • Sie heißen und .

Varier med: die Wellensittiche, die Katzen

6. Husdyr: "Hast du einen/ein/eine ...?"

  • Jobb i par. Les dialog A med fordelte roller. Byt på kven som spør og svarer.

  • Varier dialogen med andre kjæledyr frå lista og finn på nye namn.

  • Spel dialogen utan manus. Gå vidare til dialog B og hald fram på same måten.

A: Hankjønn (Ich habe einen ...)

  • Hast du einen Hund?

  • Ja, ich habe einen Hund. Und du?

  • Ich habe leider keinen Hund.

Varier med: der Hamster, der Papagei

B: Hunkjønn (Ich habe eine ...)

  • Hast du eine Katze?

  • Ja, ich habe eine Katze. Und du?

  • Ich habe leider keine Katze.

Varier med: die Schlange, die Maus

C: Inkjekjønn (Ich habe ein ...)

  • Hast du ein Pferd?

  • Ja, ich habe ein Pferd. Und du?

  • Ich habe leider kein Pferd.

Varier med: das Kaninchen, das Meerschweinchen

D: Fleirtal (Ich habe keine ...)

  • Hast du Zierfische?

  • Ja, ich habe Zierfische. Und du?

  • Ich habe leider keine Zierfische.

Varier med: die Papageien, die Wellensittiche

7. Lytteøvingar

Lytt til tekstane og noter.

A. Tobias' und Marias Haustiere

  • Kva får du vite om kjæledyra til Tobias?

  • Kva får du vite om kjæledyra til Maria?

B. Idas Familie

  • Kor mange personar er det i familien, inkludert William, far til Hanna?

  • Kor mange kvinnelege og mannlege familiemedlemmer er det?

Lytt ein gong til, og noter namn og familierelasjonar.

  • Teikn familietreet til Ida!

  • Jobb i par og samanlikn familietrea de har laga.

8. Presentasjon: "Meine Familie"

  1. Teikn ditt eige familietre eller det til den tyske fantasifamilien din.

  2. Skriv ein tekst der du presenterer dei ulike familiemedlemmene.

  • Name:

  • Alter:

  • Wohnort:

  • Aussehen:

  • Hobbys:

  1. Presenter familien din for ein medelev og/eller for læraren. Vis familietreet du har teikna og forklar.

9. Familiebilete

Still dykk opp til familiefotografering! Ingen veit kven som er kven i familien, alle må berre finne på noko når læraren gir startsignalet. Klassa tar nedteljinga på tysk: "Zehn – neun – acht .... til drei – zwei – eins: Los!"

  • Ein elev frå gruppa begynner ved å gå inn "i bildet" (= ut på scenen), og seier til dømes: "Ich bin das Kind!". Så vel vedkommande ein posisjon, ein "plass" i bildet.

  • Deretter går neste elev fram og seier til dømes: "Ich bin der Uropa!", og finn ein passande positur og plass i bildet.

  • Slik held ein fram til alle i gruppa har funne ein plass i familiebildet.

  • Til slutt tar ein eit bilde av "familien" og gir applaus til gruppa.

Meir utfordring for kvar runde

  • I neste runde skal de oppgi familierelasjon, namn, alder og bustad når de går inn i "biletet". Døme: "Ich bin der Uropa. Ich heiße Günther. Ich bin 92 Jahre alt und ich wohne in Kiel."

  • I tredje runde kan de oppgi hobbyar, beskrive utsjånad osv.
  • Når de har lært litt meir tysk, kan de lage eit "20 år seinare"-bilete. Kanskje settingen denne gongen er gravferda til Uropa Günther, bryllaupet til barnet osv. Det viktigaste er å ha det moro og bruke språket!

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 21.01.2026