Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald
Film

Kopf und Schulter, Knie und Zeh!

Lær deg namna på ulike delar av ansiktet og kroppen! Dette er kjekt å kunne når du til dømes skal beskrive personar – eller bli med på ei treningsøkt.

1. Das Gesicht

I denne øvinga lærer du tretten som du treng for å beskrive eit ansikt.

Eintal

Forslag til arbeidsmåte:

  1. Felles i klassen: Gjenta etter lærar og les orda på framsida av korta høgt i kor.

  2. Jobb åleine: Les det tyske ordet, anten inni deg eller høgt. Snu så kortet og gjenta ordet.

  3. Jobb i par: A les opp det tyske ordet. B peiker på rett stad i eige ansikt og gjentar ordet.

Fleirtal

Lær fleirtalsformene til ein del substantiv frå øving A. Forslag til arbeidsmåte:

  1. Jobb åleine: Les både eintalsform og fleirtalsform av ordet som står på kortet. Snu kortet og gjenta formene.

  2. Jobb i par: A peiker på ein stad i eige ansikt, B seier kva denne delen av ansiktet heiter på tysk, og oppgir i tillegg fleirtalsform der det er aktuelt.

To ordforklaringar før du startar

  • Singular er eit anna ord for eintal. Ordet kjem frå latin, og det blir brukt som faguttrykk i mange språk.

  • Plural er eit anna ord for fleirtal. Også dette ordet kjem frå latin og blir brukt som faguttrykk i mange språk.

2. Der Körper

Lær namna på ulike delar av kroppen.

Eintal

Lær substantiva i eintal. Hugs den bestemte artikkelen! Forslag til arbeidsmåte:

  1. Felles i klassen: Gjenta etter lærar og les orda på framsida av korta høgt i kor.

  2. Jobb åleine: Les det tyske ordet. Snu så kortet og gjenta ordet. Hugs den bestemte artikkelen!

  3. Jobb i par:

    • A les opp det tyske ordet. B peiker på rett kroppsdel på eigen kropp og gjentar ordet.

    • A peiker på ein stad på eigen kropp, B seier kva denne delen av kroppen heiter på tysk.

Fleirtal

No skal du lage fleirtalsform av substantiva frå øving A. Klikk på i-knappen om du treng hjelp. Forslag til arbeidsmåte:

  1. Jobb åleine: Les det tyske ordet og lag fleirtalsform av det. Sjekk svaret og gjenta det. Ver nøye med artiklane!

  2. Jobb i par: A les opp ordet og forklarer kva som er rett fleirtalsform. B snur kortet, les fasiten og set om til norsk. Byt roller for kvart kort.

3. Die Hand

Her øver du mellom anna på namna på fingrane. Forslag til arbeidsmåte:

  1. Felles i klassen: Gjenta etter lærar og les orda på framsida av korta høgt i kor.

  2. Jobb åleine: Les det tyske ordet. Hugs artikkel! Snu så kortet og gjenta ordet. Litt fleire utfordringar? Lær deg òg fleirtalsformene av Hand, Nagel, Daumen og Finger. Du finn fleirtalsformene bak i-knappen på framsida av korta.

  3. Jobb i par: A les opp det tyske ordet. B viser kva del av handa ordet beskriv, og gjentar ordet.

4.

Akkurat som på norsk finst det òg på tysk tallause faste uttrykk som tar utgangspunkt i kroppen. Her får du nokre døme. Gjett kva dei betyr!

A. Kva betyr dei faste uttrykka?

B. Kva betyr dei faste uttrykka

5. Post-it!

Jobb i par eller grupper på tre.

  • Skriv ned namna på ulike kroppsdelar på Post-it-lappar e.l.

  • Legg lappane i ein bunke. Trekk lappar etter tur og fest dei på kvarandre mens de seier orda høgt. (Lappen blir festa på den som er nestemann til å trekke lapp.)

  • Ta til slutt eit bilde med mobilen, og vis eller del bildet med lærar.

6. Mach ein bisschen Gymnastik!

Det blir ofte mykje stillesitting i løpet av ein skuledag. Her er nokre rolege øvingar som kan førebygge smerter og auke konsentrasjonen.

  • Øv på dei tjue glosene nedanfor (retningsuttrykk og rørsleverb). Les orda høgt.

  • Sjå instruksjonsfilmen (lengde 2:58).

  • Jobb i par. Les og sett om transkripsjonen i boksen.

  • Sjå filmen på nytt, og følg instruksjonane.

Vokabeln

Retningsuttrykk

geradeaus
rett fram
nach rechts
til/mot høgre
nach links
til/mot venstre
nach oben
oppover, opp
nach unten
nedover, ned
nach vorn
framover
nach hinten
bakover
zurück
tilbake
zur Seite
til sida
zur Mitte
til/mot midten

Rørsleverb

beugen
å bøye
halten
å halde
heben, anheben
å løfte (opp)
hüpfen
å hoppe
senken
å senke, å sette ned
strecken
å strekke
sich hinsetzen
å sette seg
sich hinstellen
å stille seg opp
sich hinlegen
å legge seg ned
sich umdrehen
å snu seg
Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
Transkripsjon
  • Stell dich hin.
    Die Beine schulterbreit auseinander.
    die Arme hängen.
    Halt den Kopf gerade.
    Atme tief und ruhig.

  • Streck jetzt die Arme zur Seite.
    Führ den rechten Zeigefinger zur Nase.
    Und zurück.
    Führ danach den linken Zeigefinger zur Nase.
    Und zurück.

  • Streck die Arme nach oben.
    Dann nach vorn.
    Dann nach hinten.
    Dann wieder zurück zur Seite.

  • Schließ die Augen.
    Beug den Kopf langsam nach vorn.
    Dann langsam und vorsichtig nach hinten.
    Dann langsam zurück zur Mitte.
    den Kopf langsam nach links,
    dann langsam nach rechts,
    dann zurück zur Mitte.

  • Öffne die Augen.
    Schau wieder geradeaus.
    Heb das rechte Bein an.
    Senk das Bein wieder.
    Heb danach das linke Bein an,
    und senk es wieder.

  • Beug die Knie.
    Und streck sie wieder.
    Hüpf auf dem rechten Bein.
    Dann auf dem linken Bein.
    Dann mit beiden Beinen.
    dich einmal um 360 Grad.
    Steh mit Beinen.
    Setz dich wieder hin.

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 25.08.2026