Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald
Video

Einsteig: Kann ich dir helfen?

Lær å snakke om sjukdom, skadar, helseplager og problem på tysk.

1. Krankheiten, Verletzungen und Beschwerden

  1. Bildepresentasjonen nedanfor viser ulike sjukdommar, skadar og plager.

    • Gjett kva dei tyske setningane betyr.

    • Les den rette forklaringa høgt før du går vidare, og prøv å hugse ho!

2. Mimen

  1. Les dei tyske uttrykka i boksen høgt i kor.

  2. Leik mimeleiken i par.

    • A vel eit uttrykk frå lista og mimar kva som har skjedd.

    • B gjettar på tysk: "Bist du bewusstlos?" / "Du bist bewusstlos!".

    • Så er det B sin tur til å velje eit kort og mime.

3. Brauchst du Hilfe?

Øv på å fortelje kva som feiler deg. Forslag til arbeidsmåte:

Frå tysk til norsk

  • Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B set om til norsk.

  • Snu kortet og les fasiten høgt.

  • Hald fram med neste kort og byt roller.

Frå norsk til tysk

No set de om dei norske setningane til tysk! Trykk på pilene for å komme tilbake til start.

  • A les den norske setninga høgt, og B set om til tysk. Bruk tipsa!

  • Snu kortet. B les fasiten høgt.

  • Gå vidare og byt roller.

4. Wann fühlst du dich nicht so gut?

"Wann" og " wenn"

Både wann og wenn kan omsettast med "når". Men kva er forskjellen?

  • Wann bruker vi i spørsmål om tid og klokkeslett:

    • Wann kommst du? (Når kjem du?)

  • Wenn uttrykker eit vilkår (viss, når, dersom):

    • Komm, wenn du Zeit hast. (Kom når/om du har tid.)

  1. Kva fortel ungdommane? Sjå dei to filmane, og gjenfortel på norsk.

  2. Noter dine eigne svar på norsk:

    • Når har du det ikkje så bra?

    • Kva gjer du når du har eit problem?

  3. Bruk ei ordbok. Noter ord som du treng for å svare på tysk.

    • fühlst du dich nicht so gut?

    • Was tust du, du ein Problem hast?

Film: Wann fühlst du dich nicht so gut? (0:39)

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Film: Was tust du, wenn du ein Problem hast? (0:34)

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

5. Umfrage

Gjennomfør ei enkel spørjeundersøking på tysk.

  1. Bruk notata dine frå oppgåve 3b, og fullfør setningane med eigne ord/uttrykk.

    • Ich fühle mich nicht so gut, wenn ich ...

    • Wenn ich ein Problem habe, ...

  2. Jobb i par. Fortel på tysk kva de har svart.

  3. Gå rundt i klassen og still kvarandre spørsmåla frå oppgåve 3. Snakk med flest mogleg, men berre med éin person om gongen! Skriv ut det nedlastbare dokumentet "", og kryss av svara du får. (Alternativ: Læraren bruker eit presentasjonsverktøy og lagar ei digital spørjeundersøking der alle svarer anonymt.)

  4. Gå gjennom svara frå spørjeundersøkinga. Skriv eit kort samandrag der du oppsummerer resultatet. Bruk skrivehjelpa i boksen nedanfor. Oppsummer gjerne munnleg i klassen, og sei éi setning kvar.

Skrivehjelp

Nur wenige / Einige / Viele / Die meisten ... (Berre nokre få / Nokre / Mange / Dei fleste)

  1. fühlen sich nicht so gut, wenn sie ...

    • zu lange am Computer sitzen

    • wenig Zeit für Freunde und Familie haben

    • zu viel für die Schule lernen müssen

    • keine Zeit / für sich selbst haben

  2. , ein Problem haben, ...

    • reden mit einer Freundin oder einem Freund

    • gehen zur Schulkrankenpflegerin / zum Schulkrankenpfleger

    • reden mit ihrem Lehrer

    • reden mit ihren Eltern

Skrive av Anna Maria Holvik.
Sist oppdatert 24.08.2026