Einstieg: Das deutsche Alphabet
1. Alfabetet
Lytt til alfabetet, og merk deg korleis bokstavane blir uttalte.
Lytt ein gong til, og gjenta bokstavane høgt i kor. Ver nøye med uttalen.
Kva bokstavar uttaler vi annleis enn på norsk? Øv spesielt på desse.
Jobb i par. Den eine peikar på ein bokstav, den andre seier han på tysk.
Jobb i par. Den eine stavar namnet sitt, den andre skriv det ned. Byt roller.
2. Bokstavar
Lytt til dialogane. Kva tre bokstavar blir nemnde her?
Jobb i par, og byt på å spørje og svare. Bruk mønsterdialogane og spør etter desse bokstavane: Q, Z, F, ß, L, U, K, X, E, V.
Wie heißt der Buchstabe?
Das ist ein "_".
Und der hier?
Das ist ein "_".
Und wie heißt der Buchstabe?
Das ist ein "_".
3. Akronym
Eit akronym er eit initialord. Akronym kan vere sette saman av forbokstavane til fleire ord, til dømes NRK (Norsk rikskringkasting) eller VW (Volkswagen).
Akronym kan òg vere sette saman av dei første stavingane i fleire ord. Døme: Adidas (bedrift oppkalla etter grunnleggaren Adolf "Adi" Dassler).
Vi bruker svært mange akronym, både i kvardagen og innanfor ulike fagspråk!
Start gjerne felles i klassen. Læraren les akronymet på kortet, og klassen gjentek høgt i kor. Læraren les orda bak akronymet, og klassen gjentek.
Hald fram i samla klasse eller jobb vidare i par. Har de sett akronymet før? Kva betyr det?Bruk info-knappen om de treng hint.
Snu kortet og les informasjonen. Har de tid, kan de òg lese om lagnaden til "folkevognas far" i boksen nedanfor.
Samanfatt i klassen: Læraren seier eit akronym, og klassen fortel kva dei veit om det. Eller samanfatt i par: Ein av dykk seier eit akronym, og den andre fortel. Byt roller.

4. Skulesaker
På første skuledagen får førsteklassingane i Tyskland kvar si Schultüte: eit stort kremmarhus med skulesaker, leiker og godteri.Denne tradisjonen er to hundre år gammal!
No lærer du namnet på nokre skulesaker og ting du sjølv har i skuleveska di.
Jobb i par. Den eine les det tyske ordet og snur kortet. Den andre gjentek ordet.
Gå tilbake til første kortet (med venstre piltast). Hugsar de kva skulesakene heiter på tysk? Bruk tipsa om de er usikre på kjønnet. (der/die/das)
5. Stav namna på skulesaker
Lytt først, og les dei to minidialogane høgt i par. Pass på god uttale! Byt på kven som spør og svarer.
6. Stav og skriv namna på skulesaker
Stav orda på tysk! Bruk mønsterdialogen i øving 4 og dei åtte bileta sist i denne oppgåva.
A peiker på eit bilete og stiller B dei to spørsmåla.
B seier kva tingen på biletet heiter, og stavar ordet. Byt roller.
Alternativt kan de bruke lista over skulesaker som står rett før bileta, og ta for dykk ord etter ord.
Skriv orda på tysk! Bruk penn og papir.
A vel ein ting og stavar ordet høgt. B skriv ordet og set det om til norsk. Byt roller.
Når de er ferdige med oppgåva, sjekkar de om orda er rett skrivne og omsette. Eitt poeng for rett stavemåte, og eitt poeng for rett omsetjing. Kven får flest poeng?
7. Snakk om skulesaker
Snakk med ein eller fleire medelevar. Spør kvarandre kva skulesaker de har og treng. Kven har/treng flest ting?








