Übungen: Schule in Deutschland
1. Bli ein glosemeister
Pugg glosene til teksten "Das Schulsystem in Deutschland"!
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa.
2. Les og set om
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B set henne om til norsk. Snu kortet, og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No set de om dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, og B set henne om. (Bruk tipsa viss de treng det.) Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare, og byt roller.
3. Rett eller feil?
Er påstandane nedanfor rette eller feil? Grunngi svara dine på norsk. Underbygg gjerne svaret med sitat frå den tyske originalteksten.
Jobb to og to. A har teksten på skjermen, B har påstandane.
Det tyske utdanningsministeriet bestemmer korleis skulesystemet i heile landet skal vere.
"Grundschule" i Tyskland er det same som "grunnskulen" i Noreg.
Det er lærarane som bestemmer kva skule barnet skal gå på etter grunnskulen.
Etter 9. klasse kan ein lære eit handverksyrke, til dømes elektrikar.
Dei som ønsker å studere, treng avgangseksamen frå det tyske gymnaset (Gymnasium).
Karaktersystemet i Noreg er det same som i Tyskland.
I Tyskland må dei som har for mange dårlege karakterar, gå skuleåret om igjen.
4. Fullfør setningane.
Fullfør setningane slik at dei er rette og gir meining.
In Deutschland dauert die Grundschule ...
Die Eltern wählen ...
Nach Klasse 9 kann man ...
Das Abitur variiert ...
Wenn man viele schlechte Noten hat, ...
Die Note 6 ...
5. Samanlikn skulesystema
Kva er likt, og kva er ulikt? Samanlikn skulesystema i Tyskland og Noreg.
Norwegen | Deutschland | |
|---|---|---|
| Schulstart | ||
| Grundschule | ||
| Weiterführende Schule | ||
| Noten | ||
| Sitzenbleiben |
6. Det norske skulesystemet
Jobb åleine eller i par. Sjå på illustrasjonen som viser det tyske skulesystemet, og teikn ei tilsvarande oversikt over det norske. Bruk både dei norske omgrepa og dei tilsvarande tyske orda.
Forklar ein tysk elev hvordan skulesystemet i Noreg er.
Svar skriftlig på spørsmåla. Boksen "Glosehjelp" hjelper deg.
Jobb i par og spel rollene som norsk og tysk elev.
7. Stave på tysk
A. Stave namn
Sjå på videoen (lengde 0:49), og svar på spørsmåla.
Kva heiter jenta? Noter det fulle namnet hennar.
Kvar vil jenta dra på studietur?
B. Stave namn og adresse
Klar for ei utfordring? Lytt til samtalen fleire gonger.
8. Konkurranse: temaord "Schulsachen"
Skriv ord på ting i klasserommet på Post-it lappar, eitt ord per lapp. Finn gjerne òg ord på andre ting i klasserommet, til dømes krit, pult, stol, svamp, tavle, tusj osb.
Fest lappane i klasserommet. Lappen med "der Stuhl" blir festa på ein stol osb.
Variant A: skrivestafett
Klassen blir delt i to eller fleire like store grupper. Gruppene stiller seg opp på rekke bak kvar sin pult. På kvar pult ligg det eit ark.
Læraren passar tida, til dømes fem minutt, og gir felles startsignal.
Førstemann spring til eit ord, hugsar det, spring tilbake til plassen sin og skriv det ned på eit ark. Så er det neste elev i rekka sin tur.
Det er berre lov å skrive ned eitt ord om gongen. Kor mange rette ord klarer gruppa å få ned på arket?
Byt ark med ei anna gruppe og kontroller orda på arket.
Variant B: kjenne på, gjette, stave
Stå overfor kvarandre to og to. A har bind for auga.
B vel ein ting i klasserommet og lèt A kjenne på gjenstanden. B spør A: "Was ist das?"
A kjenner på gjenstanden og seier det tyske namnet på han: "Das ist ein Radiergummi."
B spør vidare: "Kannst du das buchstabieren?"
A stavar ordet: "R-A-D-I-E-R-G-U-M-M-I".
Elevane øver med tre ting, deretter byter dei rollene. Dei får eitt poeng for kvart ord dei veit, og eit tilleggspoeng for kvart ord dei klarer å stave rett.