Übungen: Ich habe Hunger!
Sjå gloseliste "Im Café" med ord og uttrykk til glosekort.
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "Im Café".
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!
2. Glosekort
Jobb saman to og to.
Elev A les den tyske setninga høgt, og elev B set henne om til norsk. Snu kortet, og les fasiten høgt. Hald fram med neste kort, og byt roller.
Trykk på pilene for å komme tilbake til start. No set de om dei norske setningane til tysk! A les den norske setninga høgt, og B set henne om. Snu kortet. B les fasiten høgt. Gå vidare, og byt roller.
In der Schulkantine
Im Café
3. I skulekantina
Viviane handlar i skulekantina. Kva seier ho? Kva seier ekspeditøren?
Tips: Sjå filmen (lengde 1:01) to gonger, og ta notat mens du ser.
In der Schulkantine: Was sagt Viviane? Was sagt die Verkäuferin?
4. Luketekst: På kafé
Set inn ord som passar.
Timo und Andreas sind im Café. Sie möchten bezahlen.
Timo: ...? Die ..., bitte!
Kellner: Ja, gerne. Bezahlen Sie ... oder getrennt?
Andreas: Getrennt, bitte. Ich hatte einen Cappuccino und einen ...
Kellner: Das macht dann 12 ... 50, bitte.
Andreas: Machen ... 13 Euro.
Timo: Und ich hatte das Eis und das ... ohne Kohlensäure.
Kellner: 9 Euro, ...
Timo: Hier sind 10 Euro. Das ... so.
Kellner: Danke. Schönen ... noch!
5. Verb i eintal og fleirtal
Her øver du på 2. person eintal (du) og 2. person fleirtal (de = ihr).
du-form av verbet: -st
ihr-form av verbet: -t
Døme:
Was trinkst du am liebsten? Was trinkt ihr am liebsten? (trinken)
I tillegg må du tenke deg ekstra godt om ved verba haben (uregelrett verb) og nehmen (sterkt verb). Sterke verb får ofte vokalskifte i 2. og 3. person eintal.
Døme:
Hast du Hunger? Habt ihr Hunger? (haben)
Was isst du heute? Was esst ihr heute? (essen)
Gjer om til fleirtalsform.
Gehst du in die Kantine?
Kaufst du eine große Pizza?
Was bestellst du?
Probierst du mal den Kuchen?
Nimmst du einen Salat?
Hast du Hunger?
6. Rollespel: "Im Café"
Spel eit kafébesøk! Jobb i små grupper og fordel rollene: ein kelner og to–tre gjester.
Skriv manus, og øv godt på replikkane.
7. Dialog med ein praterobot: "Hilfe! Kein Geld!"
De er ute og et i Berlin. Når de skal betale, oppdagar de at de ikkje har kontantar. Restauranten tek ikkje kort (noko som ikkje er uvanleg i Tyskland), og mininbanken er ute av drift. Kelneren vil hente sjefen. Kva no?
Jobb i grupper på tre–fire, og diskuter kva de skal gjere.
8. Gatekjøkken
Et du heller på gatekjøkken enn på kafé? Øv på å bestille tysk gatekjøkkenmat!
A. Kva betyr uttrykka?
Kva trur du uttrykka betyr? Er det seljaren eller kundane som seier dette?
B. Forstår du menyen?
Kva på menyen kjenner du frå før? Sei ordet på tysk, og set det om til norsk.
Kva på menyen er ikkje vanleg på gatekjøkken i Noreg?
Kva slags drikkar er Spezi og Apfelschorle?
Speisen und Getränke | Preise |
|---|---|
| Currywurst (die) | 4,70 € |
| Bratwurst (die) | 3,70 € |
| Pommes | 4,50 € groß / 3,30 € klein |
| Hamburgar/Cheeseburger (der) | 5,50 € groß / 4,00 € klein |
| Mayo/Currysauce (die) | 1,00 € |
| Cola, Fanta, Sprite, Spezi | 3,50 € |
| Bionade, Apfelschorle (die) | 3,80 € |
| Mineralwasser (das) | 3,60 € |
| Kaffee/Tee (der) | 2,50 € |
C. Oppgi pris.
Jobb i par, og spør kvarandre kva ting kostar.
Was kostet eine kleine Portion Pommes?
Die kostet zwei Euro fünfzig.
Was kostet ein/eine/ein ...?
Der/die/das kostet ...
D. Kva seier seljaren? Kva seier kunden?
Lytt, les og set om i par. Kva ord manglar?
E. Lag ein dialog, og spel han.
Jobb saman i par. Den eine er seljar, den andre er kunde.
Lag dykkar eigen dialog der kunden bestiller mat og drikke og betaler.
Dersom de har tid: Spel dialogen for eit anna par.



