Grammatikk: Peikeord

Kva er peikeord?
Peikeord bruker vi for å peike ut nokon eller noko. Til peikeorda høyrer
denne/dette/desse
den/det/dei
slik, sånn og same
Ord som står til eit substantiv
Peikeord står til eit substantiv:
Eg skal ha denne burgaren.
Substantivet kan vere sløyfa dersom vi skjønner ut frå samanhengen kva peikeordet viser til:
Den (burgaren) tek eg òg!
Peikeord blir bøygde i samsvar med substantivet dei står til:
denne jenta, dette barnet, desse folka
Ord med trykk!
Peikeord har ofte trykk. Då fungerer dei som ein peikefinger som vi rettar mot ein ting eller ein person framfor oss:
Skal du ha på deg denne buksa eller ei annan ei?
Slike briller kunne eg òg tenkt meg!
Den filmen må du berre sjå!
Men obs! Den, det og dei får vanlegvis ikkje trykk når dei står framfor kombinasjonen adjektiv og substantiv:
Kjenner du den nye eleven?
Kvar er dei blå sneakersane?
Øving 1
Peikeord i tysk
Den tyske bestemte artikkelen der, die, das er eit peikeord. Han blir vanlegvis uttalt trykklett:
Kennst du den neuen Schüler?
Wo sind die blauen Sneakers?
Men vi kan uttale han med trykk om vi vil framheve eller peike ut nokon eller noko:
Øving 2
Behov for å repetere formene til den bestemte artikkelen? I dømesetningane under er den bestemte artikkelen brukt i nominativ (subjektsform) og akkusativ (forma til det direkte objektet).
Oversett og analyser setningane. Finn verbal, subjekt og direkte objekt.
Fullfør tabelloversikta over artikkelformene under.
Kva form er ulik i nominativ og akkusativ?
kasus | hankjønn | hokjønn | inkjekjønn | fleirtal |
|---|---|---|---|---|
| nominativ | ||||
| akkusativ |
Dømesetningar
Verena isst den Apfelkuchen.
Der Apfelkuchen schmeckt lecker.
Nanna trinkt die Milch.
Die Milch ist kalt und frisch.
Simon isst das Müsli.
Das Müsli schmeckt super.
Wir essen die Brötchen.
Die Brötchen sind knusprig.
Øving 3
Øving 4
Jobb i par. Spør og fortel kvarandre om mat og drikke som smaker godt.
Elev A les spørsmålet på kortet høgt.
Elev B svarer på spørsmålet som vist i dømet nedanfor.
Snu kortet og samanlikn svara før de byter roller og held fram med neste kort.
Døme
Elev A: Wie schmeckt der Cappuccino?
Elev B: Der schmeckt sehr gut. Den musst du auch probieren!
Byt gjerne ut sehr gut med til dømes toll, super, fantastisch, sensationell, lecker eller ausgezeichnet. Svara dykkar treng ikkje vere heilt identiske med svarforslaga.

