Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Raudspette

Raudspetta er ei høgresnudd flyndre som vi kjenner att på den grå eller brune og glatte augesida med mange raude flekker. Ho lever på grunt vatn, men kan gå ned til 250 meters djupn. Ho et muslingar, pigghudingar og andre botndyr.

Levevis og gyting

Rødspette finst i store delar av Nordaust-Altanteren, særleg i Nordsjøen. Raudspetta vert rekna som ein stadbunden art, men når gytetida nærmar seg, kan ho vandre langt til bestemte gyteplassar. Yngelen sym fritt rundt i havet og vert ikkje flatfisk før dei er blitt 15 mm lange. Då søkjer dei ned og lever resten av livet på botnen.

Bestand

Bestanden av raudspette har variert over tid. Han blir forvalta gjennom kvotar og reguleringar for å bidra til ei berekraftig utnytting av arten.

Fangstreiskapar

Raudspette vert fiska med botntrål, snurrevad eller botngarn.

Bruk

Raudspetta vert seld fersk som heil fisk og filetar eller som frosne filetar. Raudspetta kan steikjast, kokast og grillast. Ho kan òg panerast og frityrsteikjast, og ho vert servert med pommes frites som den kjende retten fish and chips.

Næringsinnhald

Raudspette inneheld vitamin A og D.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Rettshavar: Norges sjømatråd.
Sist oppdatert 22.04.2026