Raudbete - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Raudbete

Raudbeten er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Europa sidan lenge før vår tidsrekning. Både raudbete og sukkerbete stammar frå strandbeten, som veks vilt langs kysten i Europa. Raudbetar kan vere flatrunde, runde, ovale eller sylindriske. Mest vanleg for sal hos oss er dei runde.

Utsjånad og lagring

Den spesielle djupe, raude fargen til raudbeten kjem av to naturlege fargestoff. Det eine heiter betacyanin og gir ein raudfiolett farge, mens det andre fargestoffet gir ein gul farge. Fargen kan variere mellom variantane, men yngre raudbetar har gjerne meir fiolett farge enn dei større og eldre. Om sommaren blir raudbetar selde i buntar med bladvekst, om vinteren utan blad i laus vekt.

Den norske sesongen strekker seg frå september til mai. Raudbetar har god haldbarheit. Dei skal oppbevarast kjølig, helst mellom 2 og 4 gradar, og med høg luftfukt. Dei må òg vernast mot direkte trekk.

Bruksområde

Raudbeten har mange bruksområde. Kok raudbetar med skal, og la bladfestet sitje på med ca. 5 cm der det følgjer med, for å unngå at safta i raudbeten renn ut i kokevatnet. Etter koking fjernar du skal og bladfeste og serverer raudbetane som varm grønsak eller kald i salatar. Kokte og oppskorne raudbetar kan gjerne blandast i kjøtdeig til biff à la Lindström. Kokte raudbetar til nypoteter med ein smørklatt er ein rett i seg sjølv. Raudbeten er òg godt eigna til sylting og blir mykje nytta til silderetter eller som pålegg på brødskive med leverpostei. Den sprekaste råkosten får du med raudbetar som er rivne rå og blanda med gulrot. Dei kan òg bakast i omn.

Kvalitetskrav

Raudbetar skal vere heile utan skadar eller mjuke flekker. Yngre raudbetar i buntar bør vere vaska. Bladfesta skal vere sprø og saftige. Innvendig skal raudbeten vere jamt farga utan lyse ringar mellom dei synlege vekstlaga.

Næringsinnhald

Raudbeten er mager kost. Han er ei god mineralkjelde og inneheld fosfor, kalsium og jern. På grunn av det høge innhaldet av nitrat skal ein ikkje gi raudbete til barn under seks månader.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om rødbeten

I den korte filmen under kan du lære meir om raudbeten og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Beta vulgaris rubra
engelsk: red beet, beetroot
tysk: rote Rübe
fransk: betterave rouge

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024