Pastinakk - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Pastinakk

Pastinakk er ein gammal kulturplante som er kjend heilt frå romartida. Før poteta vart introdusert, var pastinakk her i landet den viktigaste kjelda til stive i kosthaldet. I klostra var han likevel ikkje velsett, sidan dei meinte at han stimulerte kjønnsdrifta.

Eigenskapar og lagring

Pastinakken er av utsjånad svært lik gulrot og persillerot med si klumpete og avlange form, men han er gjerne noko større.

Fruktkjøttet er kvitt eller kremfarga, og smaken er søt og delikat. Pastinakk kan ha ulike storleikar med både små og store variantar. På store pastinakkar er den indre delen seig og treaktig og bør skjerast bort.

Den norske sesongen strekker seg frå juli til desember. Pastinakk skal oppbevarast kjølig, helst mellom 1 og 3 gradar. Han har lang haldbarheit dersom lagringstemperaturen og luftfukta er ideell.

Bruksområde

Pastinakk kan nyttast i både rå og kokt tilstand. Han må skrellast før bruk, og eventuelt treaktig vev i midten må fjernast. Pastinakk kan rivast og nyttast i råkostsalat, eller anten kuttast i bitar eller strimlast til wok. Han kan kokast i lettsalta vatn og nyttast som tilbehøyr til middag eller som grønsak i fersk suppe. Pastinakk kan òg nyttast i stuingar eller gratinerast i omn.

Kvalitetskrav

Pastinakk bør vere velutvikla utan forgreiningar og siderøter. Dei skal vere sprø, saftige og faste i konsistensen.

Næringsinnhald

Pastinakk er god på smak og inneheld noko vitamin A, B og C. Smaken er søt fordi han inneheld mykje karbohydrat.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om pastinakk

I den korte filmen under kan du lære meir om pastinakk og få tips om korleis den kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Pastinaca sativa
engelsk: parsnip
tysk: Pastinak
fransk: panais

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 09.08.2024