Ingefær - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ingefær

Ingefær er ei gammal kulturplante som har vore dyrka i mange tusen år i Kina, India og fleire afrikanske land. Det er den kraftige underjordiske stengelknollen som er etande, og den spesielle fasongen kjem av dei mange bladskota og utvekstane som ingefær set under vekstperioden.

Eigenskapar og oppbevaring

Ingefær er lys brun utvendig med ein svak gulgrøn farge innvendig. Dersom vi knekker knollen av, kjenner vi straks den friske dufta av ingefær. Dufta kjem av dei eteriske oljane i planten, som inneheld aromatane zingeron og gingerol. Vi bruker fersk ingefær som vi bruker den tørka varianten, men fersk ingefær er langt friskare på smak.

Ingefær har svært god haldbarhet. Han kan lagrast i fleire månader ved gode lagringsforhold, helst mellom 8 og 12 gradar. Fukt under lagring fører til misfarging og rote. Ingefær kan òg frysast.

Bruksområde

Ingefær har eit stort bruksområde. Før bruk må han reinskast ved at vi skrapar eller skreller bort det ytste laget. Fersk ingefær kan bitevis pressast i kvitlaukspresse eller rivast på rivjern til krydder. I ein del gryterettar blir bitar av ingefær kokt med og deretter fjerna før servering. Ingefær kan nyttast i karrirettar, til lam, svin, fisk, kylling eller kinamat, og ingefær er òg ein viktig del av innhaldet i marinade for orientalske kjøttrettar. Rota kan òg nyttast i fruktsalat og i bakverk saman med eple og pære.

Eigenskapar

Ingefær har flott smak og aroma og set ein spiss på mange rettar. Sidan forbruket av ingefær er lite, kan vi ikkje snakke om noka ernæringsmessig betydning. Ingefær har lenge blitt nytta som legemiddel. Har du sår hals, kan du trekke ei skive ingefær i teen, eller du kan legge ei skive ingefær på tunga. Det er òg sagt at ingefær hjelper mot kvalme, reisesjuke og svangerskapssmerter.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Ingefær skal ha knollar som er faste, kraftige og lysfarga. Dei skal ikkje ha teikn til misfarging, roteangrep eller inntørking.

Film om ingefær

I den korte filmen under kan du lære meir om ingefær og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

Latin: Zingiber officinale
Engelsk: Ginger
Tysk: Ingwer
Fransk: Gingembre

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024