Kålrot (kålrabi) - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kålrot (kålrabi)

Kålrot, som òg blir kalla kålrabi, er ein gammal kulturplante som har vore dyrka i Noreg frå midten av 1600-talet. Kålrota er ein nær slektning av kål, noko som òg går fram av namnet. Men i motsetnad til hos andre kålsortar er det hos kålrot knollen vi et, og ikkje blada.

Eigenskapar og lagring

Fasongen er rund, og storleiken kan variere frå små kålrøter på under 1 kilo til store på 3–4 kilo. Fruktkjøttet er hardt og fast med ein lys gul farge. Kålrota er rik på vitamin C og blir derfor òg kalla Nordens appelsin. Ho har ein mild og fin kålsmak og kan nyttast i mange slags rettar.

Kålrot har lang lagringskapasitet under rette lagringsforhold. Ho held seg best om du lagrar ho med temperatur så langt ned mot 0 gradar som mogleg, helst mellom 0 og 2 gradar, og med høg luftfukt. Fordi ho toler lagring så godt, er ho i handelen heile året.

Bruksområde

Kålrot er ei allsidig grønsak som kan nyttast i mange ulike rettar. Før bruk skreller vi kålrota, og deretter skjer vi ho opp i skiver eller terningar som kan kokast i gryteretter eller supper. Kokt kålrot i skiver kan serverast som grønsak til middagsretter av både kjøtt og fisk. Kålrot kan vidare nyttast som stappe, strimla rå til wok eller i skiver gratinerte i omn. Kålrot kan òg rivast og serverast som råkost, til bruk i salat eller skoren i stavar som snacks til dipp.

Kvalitetskrav

Kålrot skal kjennast tung og ha ein fast konsistens. Ho skal òg vere vaska fri for jord og smuss. Kålrot skal vidare vere fri for sprekkar eller ytre skadar som kan gi grobotn for mugg eller bakterieåtak, og det skal ikkje følge med blad. Kålrot kan òg leverast voksa for at ho skal halde på fukta.

Næringsinnhald

Kålrot er ei grønsak med høgt næringsinnhald. Ho er som sagt rik på vitamin C, og vitamina held godt utover vinteren. Kålrot er mager og kan gjerne etast rå som mellommåltid.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om kålrot

I den korte filmen under kan du lære meir om kålrot og få tips om korleis ha kan bli laga til og servert.

Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Brassica napus rapifera
engelsk: swede
tysk: Kohlrübe
fransk: chou navet

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 09.08.2024