Jordskokk - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Jordskokk

Jordskokk kjem opphavleg frå Nord-Amerika og kom til Europa på 1600-talet. Etter kvart tok ein til å dyrke han over store delar av Europa, også i Skandinavia.

Dyrking og utsjånad

Jordskokk var ei ganske utbreidd grønsak i Noreg før poteta kom. Poteta vart som kjent svært populær på 1800-talet, og jordskokken vart mindre vanleg.

Jordskokk er ein liten rotknoll som er hardfør og lett å dyrke. Han er knudrete og noko ujamn i fasongen, og han liknar litt på ingefær. Skalet er tynt og varierer frå gult til raudfiolett. Det sprø og saftige fruktkjøttet er kvitt eller lyst gult og har ein søt og delikat smak.

Den norske sesongen strekker seg frå august til desember. Jordskokk kan lagrast i lang tid dersom han blir lagra kjølig (helst mellom 0 og 2 gradar), fuktig og mørkt.

Bruksområde

Jordskokk kan nyttast rå i salatar og råkost. Skal vi nytte han rå, bør vi drype litt sitronsaft over straks etter skrelling, elles blir han svart. Han blir mest nytta kokt, som tilbehøyr til fjørfe eller anna kjøtt. Jordskokken må børstast grundig og kokast med skalet på. Det tynne skalet er etande, men vanlegvis skreller vi jordskokken før servering. Han kan òg nyttast til puréar eller gratinerast.

Næringsinnhald

Jordskokk er kalorifattig. Han inneheld ikkje stivelse, men karbohydratet inulin. Inulin er eit karbohydrat som ikkje påverkar blodsukkernivået, og jordskokk kan derfor vere nyttig for diabetikarar. Jordskokk inneheld kalium, kalsium, fosfor, jern, natrium og noko vitamin C.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Jordskokk skal vere heil og rik på saft og utan teikn til åtak av skadedyr. Han skal ikkje ha mjuke flekker eller mugg.

Film om jordskokk

I den korte filmen under kan du lære meir om jordskokk og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Helianthus tuberosus
engelsk: Jerusalem artichoke
tysk: Topinambur
fransk: topinambour

Skrive av Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024