Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Sellerirot (knollselleri)

Sellerirota, som òg blir kalla knollselleri, kjem frå middelhavsområdet og blir dyrka over heile Europa. Ho har vore kjend i Noreg i lang tid og er mykje nytta som suppegrønsak.

Utsjånad og lagring

Sellerirot er ein lysebrun, rund og knudrete rotknoll. Det sprø og kvite fruktkjøtet er rikt på eteriske oljar og har ei aromatisk duft og ein litt skarp, søtleg smak. Sellerirot blir seld i byrjinga av sesongen som buntrot med graset hengjande på. Utover hausten og vinteren blir det selt avskorne og pussa røter som ofte er delte i stykke og plastpakka.

Den norske sesongen strekker seg frå august til april. Sellerirot som blir lagra mørkt og kjølig, helst mellom 0 og 2 gradar, kan halde i mange månader. Buntrot med gras bør ikkje lagrast lenger enn éi veke.

Bruksområde

Sellerirot bør du skrelle før bruk for å få vekk alle jordrestar. Ver merksam på at fruktkjøtet raskt oksiderer og blir misfarga. Sellerirota bør derfor nyttast straks etter skrelling. Ho blir mest nytta som suppegrønsak, men er svært anvendeleg og kan brukast i mange rettar. Steikt, kokt eller bakt sellerirot blir brukt som tilbehøyr. Strimla sellerirot passar fint til wok. Ho er nydeleg i supper, mos, gratengar og puréar. Riven sellerirot er godt i salatar.

Kvalitetskrav

Sellerirota skal vere heil og fast, nesten utan jord og utan skadedyr eller frostskadar.

Næringsinnhald

Sellerirot er rik på kalium og inneheld ein del vitamin B og C.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film: Sellerirot

I filmen under (lengde 2:29) kan du lære meir om sellerirot og få tips om korleis ho kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Apium graveolens var. rapaceum
engelsk: celeriac
tysk: Knollensellerie
fransk: céleri rave

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 23.03.2026