Rettich - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Rettich

Rettich er ein variant i reddikfamilien. Rettich finst i fleire fargar, fasongar og storleikar, men mest vanleg er kvit, avlang rettich. Han kjem opphavleg frå Asia, men blir no òg dyrka i Europa.

Eigenskapar og haldbarheit

Kvit rettich kan bli opptil 50 cm lang og vege fleire kilo. Den spesielle smaken hos alle variantar rettich kjem av at dei inneheld sennepsolje. Rettich har best haldbarheit når han blir lagra så langt ned mot 0 gradar som mogleg, og når luftfukta er høg.

Bruksområde

Rettich bør skrellast før bruk. Vi kan deretter ete han naturell raspa som råkost, kutta i stavar til dipp eller i skiver i salat. Rettich kan nyttast som grønsakspålegg på same måten som agurk eller kokast som grønsak til kjøtt og fiskerettar. Han er nydeleg å smørdampe. Rettich kan òg nyttast til dekorasjon.

Næringsinnhald

Rettich er kalorifattig og inneheld noko vitamin C. Lite forbruk gjer at han ikkje har nokon ernæringsmessig verdi. Rettich held godt på kvitfargen etter skrelling.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Rettich skal vere heil og utan mørke eller mjuke flekker. Fruktkjøttet skal vere fast, kvitt, sprøtt og friskt.

Med andre ord

Latin: Raphanus sativas var. longipinnatus
Engelsk: Rettich, White radish, Japanese radish, Mooli
Tysk: Japanische Rettich
Fransk: Radis japonais

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020