Skorsonerrot - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skorsonerrot

Skorsonerrota er ein lang, fingertjukk rotvekst som opphavleg kjem frå Spania. Ho kan bli mellom 20 og 30 cm lang, og skalet er mørk brunt eller svart. Ho blir derfor òg kalla svartrot.

Utsjånad og lagring

Fruktkjøttet er kvitt med ei gulkvit mjølkesaft som piplar fram når røtene blir skrelte. Smaken er mild og god og minner om asparges. Konsistensen er hard og fin. Skorsonerrot har ganske god haldbarheit. Ho må oppbevarast kjølig, helst mellom 2 og 4 gradar og gjerne pakka i plastpose.

Bruksområde

Vi skreller skorsonerrot med ein potetskrellar før bruk. På grunn av oksygenet i lufta oksiderer fruktkjøttet raskt og blir brunt om vi ikkje legg dei skrelte røtene i vatn for å hindre det. Tilset gjerne litt sitron, mjølk, eddik eller salt i vatnet. Røtene må deretter koke i cirka 15–20 minutt, gjerne med litt fløyte, salt og pepar.

Ho kan etast varm eller kald og er nydeleg som grønsak til middag på linje med asparges eller kutta i salatar. Ho er nydeleg servert med smørsaus, til dømes hollandaise, og blir elles nytta som andre typar rotgrønsaker i supper, gryter og gratinerte rettar. Skorsonerrot må ikkje etast rå.

Kvalitetskrav

Skorsonerrot er ikkje vaska og har litt jord og sand på skalet. Røtene skal vere minst 20 cm lange og ha ein diameter på cirka 1,5 cm. Dei skal ikkje ha forgreiningar eller siderøter. Fruktkjøttet skal vere kvitt, friskt og ikkje seigt.

Næringsinnhald

Skorsonerrot inneheld inulin, ein sort stivelse som er bygd opp av fruktose. Dette gjer at diabetikarar kan eta skorsonerrot, for vi treng nemleg ikkje insulin for å gjera oss nytte av fruktose. Røtene er kalorifattige og rike på mineral.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Med andre ord

Latin: Scorzonera hispanica
Engelsk: Salsify, Scorzonera
Tysk: Schwartzwurzel
Fransk: Scorsonére, Salsifis noir

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024