Galangarot - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Galangarot

Galangarot er ein rotvekst som kjem frå Søraust-Asia. Ho blir òg kalla for laos. Galangarot blir dyrka i Søraust-Asia og nytta som smakstilsetjing i asiatiske rettar.

Eigenskapar og lagring

Rotstammen er om lag éin meter lang og har små spissar eller utvekstar. Dei nye skota er lys rosa i fargen. Knekker vi rota, kjenner vi straks den friske dufta. Dufta kjem frå dei to smaksemna i planten, som er galganol og alpinol. Galangarot blir nytta som ferskt krydder på same måten som ingefær. Galangarot har flott smak og aroma og set ein spiss på mange rettar.

Galangarot har svært god haldbarheit. Ho kan lagrast i fleire månader ved gode lagringsforhold, helst mellom 8 og 12 gradar. Fukt under lagring fører til misfarging og rote.

Bruksområde

Galangarot blir òg kalla ung ingefær og nytta på dei same områda som ingefær, men smaken er noko mildare. Vi må reinske ho noko før bruk ved å skrape eller skrelle bort det ytste laget. Fersk galangarot kan bitevis pressast i kvitlaukspresse eller òg rivast på rivjern til krydder. I ein del gryterettar koker ein skiver av denne rotveksten med, men fjernar dei før servering. Galangarot kan nyttast i karrirettar, til lam, svin eller fisk. Ho er vanleg i det kinesiske, thailandske og indonesiske kjøkkenet og er ein viktig del i marinaden for orientalske kjøttrettar.

Næringsinnhald

Sidan vi har eit lågt forbruk av galangarot, kan vi ikkje snakka om nokon ernæringsmessig verdi.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Galangarot skal ha fast konsistens og vere lys brun. Ho skal ikkje ha teikn til misfarging eller roteangrep.

Med andre ord

Latin: Alpina galanga
Engelsk: Greater Galangal
Tysk: Laos, Grosser Galgant, Galanga
Fransk: Galanga d'Inde

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 21.08.2024