Kinaskokk

Eigenskapar og lagring
Kinaskokken er lysebrun utanpå og kvit og saftig inni. Han inneheld ikkje stivelse, men eit stoff som liknar på inulin. Kinaskokk har ein søt smak som minner litt om artiskokk.
Kinaskokk blir helst oppbevart kjølig (mellom 0 og 4 gradar) og mørkt, med høg luftfukt.
Bruksområde
Børst kinaskokken før bruk. Han er fin å bruke rå i salatar, og kan òg kokast i nokre få minutt og brukast som tilbehøyr til middagsrettar. Koketida må vere kort for at kinaskokken skal behalde den sprø konsistensen. Kinaskokkar er gode steikte eller smørdampa som tilbehøyr til fiske- og kjøttrettar.
Næringsinnhald
Vi kjenner ikkje næringsinnhaldet til kinaskokken.
Kvalitetskrav
Kinaskokkar skal vere heile, saftspente og spenstige, utan teikn til uttørking eller rote.
Med andre ord
Latin: Stachys affinis
Engelsk: Crosne, Chineese artichoke
Tysk: Knollenziest, Chinesische artischocke
Fransk: Crôsne du Japon