Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Slik skriv du logg

Å skrive logg er vanleg i mange yrke. Men kva skal loggen innehalde? No skal du få lære meir om korleis du skriv ein logg. Vi har mellom anna ein film og ein modelltekst som viser korleis det skal gjerast.

Til læraren

Avklar forskjellen mellom logg og rapport viss nokre av elevane synest sjangrane er vanskelege å skilje. Ein logg er ofte skriven undervegs i arbeidet, til dømes beskriving av arbeidsoppgåvene dag for dag i ein praksisperiode. Rapportar er ofte endå meir strukturerte og samanfattar noko etter at det er gjort ferdig. Slik kan til dømes ein praksisrapport handle om heile praksisperioden: kva eleven gjorde, lærte, og korleis det gjekk.

Kva er ein logg?

I filmen under (lengde 6:40) får du forklart kva som skal vere med i ein logg.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Mange typar loggar

I arbeidslivet er det vanleg å skrive logg for å dokumentere kva som har skjedd, til dømes ein arbeidsdag. Det varierer kva som skal vere med i ein logg. Du må derfor tilpasse loggen ut frå kva du får beskjed om at skal vere med.

Under er det eit døme på korleis ein logg kan sjå ut:

  • Logg frå praksis som helsearbeidar ved Brattbakken sjukeheim. Modelltekst

  • Krav til ein logg

    I ein logg skal du skrive sakleg og ganske kort. Det du skriv, skal dokumentere noko som har skjedd. Det er vanleg å ha med desse fire punkta i ein logg:

    • informasjon om loggen

    • mål eller fokuspunkt

    • beskriving av arbeidet

    • eigenvurdering

    Legg merke til at det ikkje alltid er naturleg å ha med punkta om mål og eigenvurdering. Men informasjon om loggen og beskriving av arbeidet er alltid med.

    Informasjon om loggen

    Det er viktig at loggen har med denne informasjonen i starten:

    • kven som har skrive han

    • dato

    • arbeidsstad

    • kort dokumentasjon

    Mål eller fokuspunkt

    Mål eller fokuspunkt kan til dømes vere kompetansemål frå læreplanen eller noko anna du har fått beskjed om å sjå ekstra nøye på i arbeidet.

    Beskriving av arbeidet

    I beskrivinga av arbeidet skal du beskrive arbeidsoppgåvene dine eller det som blir gjort. Du kan til dømes skrive kva du gjer kvar dag i praksis i ein periode på ei veke. Då er det viktig å få med kva du har gjort, og kva verktøy eller metodar du har brukt.

    Du skal skrive ganske kort, men langt nok til at all viktig informasjon er med. Av og til er det fint å ha med bilete som dokumenterer noko av det du skriv om, til dømes eit arbeid du har gjort i praksisen.

    Eigenvurdering

    I eigenvurderinga skal du vurdere arbeidet ditt. Kva tenker du om arbeidet du har gjort? Kva fekk du til bra? Kva bør du gjere annleis ein annan gong? Kva har du lært? Viss du har skrive ned mål, kan du vurdere om du nådde måla, i eigenvurderinga.

    Relatert innhald


    Skrive av Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 05.08.2025