Slik lagar du ein instruks

Før du les
Sjå nærare på desse omgrepa før du les vidare:
- Instruks
- Ein instruks beskriv det du skal gjere frå start til slutt. Til dømes korleis du bruker ei maskin eller eit verktøy på rett måte.
- Rettleiing
- Ei rettleiing gir råd og tips om korleis noko kan gjerast, eller hjelp til å løyse eit problem.
Kva er ein instruks?
I filmen under (lengde 05:26) får du forklart kva som skal vere med i ein instruks.
Ein instruks er ei beskriving av korleis du gjer ei arbeidsoppgåve rett. Det er ei detaljert rettleiing som får fram rett rekkefølge i det du skal gjere. Du kan gi instruksar munnleg eller skriftleg. Nokre instruksar inneheld òg små videoar som forklarer noko av det du skal gjere. Andre gonger blir det forklart med illustrasjonar.
Døme på ulike instruksar er:
Bruksrettleiingar, som er rettleiingar for korleis vi bruker eit produkt eller ei maskin. Ei bruksrettleiing kan òg vise korleis vi bygger noko.
Arbeidsinstruksar, som forklarer korleis ei arbeidsoppgåve skal gjerast.
Tryggingsinstruksar, som beskriv reglar, og kva du skal passe på for å gjere ei bestemd arbeidsoppgåve på ein trygg måte.
Kva skal ein instruks innehalde?
Det er ofte fire viktige delar i ein instruks:
overskrift
innleiing med liste over utstyr du skal bruke
hovuddel: punktvis instruksjon med eventuell forklaring til dei ulike punkta (trinn for trinn-forklaring)
avslutning
Dømeteksten under viser korleis ein god instruks kan vere. Du kan bruke han som utgangspunkt når du skal skrive eigne instruksar.
- Instruks, dømetekst(DOCX)
- Instruks, dømetekst(PDF)
Relatert innhald
Øv deg på å lage ulike instruksar.
Beskriv ei arbeidsoppgåve frå eit programfag.