Øv på å lage ein instruks
Oppgåve 1
Del 1: Sjå filmen
Sjå filmen (lengde 5:26). Svar munnleg på oppgåvene under saman med ein medelev etter at de har sett filmen.
Kva er ein instruks?
Kva delar er det vanleg å ha med i ein instruks?
Kvifor er det viktig med rett rekkefølge i ein instruks?
I instruksar skal vi bruke imperativform av verb, som til dømes klipp, del eller steik. Forklar kvifor det er viktig å bruke imperativ av verbet i instruksar.
Gi døme på munnlege og skriftlege instruksar vi kan møte på i jobbsituasjonar.
Gi døme på munnlege og skriftlege instruksar vi kan møte i fritida.
Del 2: Samtal om branninstruksen
Biletet under viser ein instruks for kva reinhaldspersonell på eit hotell skal gjere viss det startar ein brann. Svar munnleg på oppgåvene saman med ein medelev.
Les instruksen høgt for kvarandre.
I branninstruksen over er det fleire ord som vi kanskje ikkje møter så ofte i kvardagen. Prøv å forklare orda under for kvarandre.
reingjeringsvogn
evakuering
rettleie
rømmingsveg
sløkke
disposisjon
resepsjonist
samlingsplass
hjelp
ta hand om
Er de usikre på kva nokre av orda betyr, kan de gjerne bruke ordboka LEXIN eller ordbøkene.no.
Orda redde, varsle og sløkke er skrivne i raudt med store bokstavar nedst i instruksen. Kvifor trur de at akkurat desse tre orda er framheva?
I instruksar er det vanleg at verba som fortel kva du skal gjere, er i imperativ. Kva verb i imperativ finn de i branninstruksen?
Del 3: Samtal om bruksrettleiinga
Svar munnleg på oppgåva saman med ein medelev.
Ei bruksrettleiing er døme på ein type instruks du kan møte på. I bruksrettleiinga på biletet under får vi forklart korleis vi skal setje saman ei hylle.
Korleis blir illustrasjonar og tal brukte for å hjelpe oss til å gjere det i rett rekkefølge?
Kva heiter nokre av verktøya på biletet på norsk?
Viktige verb for å forklare nokon kva dei skal gjere i denne bruksrettleiinga er til dømes skru, losne, slå, banke, hamre, plasser, tilpass, skyv, løft og set. Forklar for kvarandre kva desse orda betyr. Bruk gjerne ordboka Lexin eller ordbøkene.no.

Del 4: Lag ein skriftleg instruks
Lag ein skriftleg instruks til ei arbeidsoppgåve som ein medelev skal gjennomføre etterpå. Det kan til dømes vere ein instruks om korleis du lagrar eit dokument på pc-en din. Pass på at instruksen inneheld presise instruksar i rett rekkefølge. Få fram kva utstyr som trengst.
Byt skriftleg instruks med ein medelev. Gjennomfør arbeidsoppgåva ut frå den skriftlege instruksen.
Snakk saman. Var instruksane enkle å følge? Var det nokre av punkta de var usikre på?
Oppgåve 2. Lag ein instruksjonsfilm
Lag ein kort instruksjonsfilm til ei arbeidsoppgåve frå programfaget ditt. Du kan spele inn ved hjelp av mobil eller bruke eit presentasjonsverktøy som til dømes PowerPoint. Pass på så det blir presise instruksar i rett rekkefølge. Få fram kva som er nødvendig av utstyr.
Relatert innhald
Gode råd for korleis du kan lage ein instruks.
Beskriv ei arbeidsoppgåve frå eit programfag.