Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv deg på å skrive rapport

Her skal du snakke om kva ein rapport inneheld, og du skal øve deg på å skrive eigne rapportar.

Før du gjer oppgåvene

Før du gjer oppgåvene under, bør du ha jobba med fagressursen "Slik skriv du ein rapport".

Del 1: Snakk saman om å skrive rapport

Jobb saman munnleg to og to. Svar på spørsmåla under:

  1. Kva er eit rapporthovud? Kva skal rapporthovudet innehalde?

  2. Kva meir skal vere med i ein rapport?

  3. Forklar orda mottakar, avsendar og underskrift. Vis døme frå ein rapport.

  4. Kva betyr det at du skal skrive rapporten i første person? Vis med døme.

  5. Gi døme på situasjonar der det er vanleg å skrive rapport.

  6. I ein rapport skal du dokumentere noko du har gjort. Forklar kva dette betyr.

  7. Korleis skal språket vere i ein rapport? Vis døme på passande språk.

Samanfatt felles i klassen.

Del 2: Skriv ein eigen rapport

No skal du øve deg på å skrive ein rapport. Vel ei av oppgåvene nedanfor. Du kan bruke modellteksten under som i arbeidet, men hugs å rapporten til den typen rapport du skal skrive.

Til læraren

Når elevane skal skrive eigen rapport, er det lurt å knyte rapportskrivinga opp mot eit programfag dei har. Då kan programfaglæraren vere med og forme ut oppgåva slik at ho passar faget elevane har.

  • Ulykkesrapport, modelltekst

    1. Skriv ein rapport frå praksis. Fortel kva du gjorde, kva verktøy eller metodar du brukte, og kva du lærte.

    2. Skriv ein ulykkesrapport frå ei ulykke som kan oppstå på arbeidsplassen din. Her må du tenke deg til kva som kan skje. Beskriv kva som har hendt, og kva du må gjere for at ei liknande ulykke ikkje skal skje igjen.

    3. Skriv ein rapport etter å ha jobba med eit prosjekt eller ei oppgåve på skulen. Forklar kva prosjektet gjekk ut på, korleis de jobba, og kva resultatet blei.

    Relatert innhald

    Skrive av Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 05.08.2025