Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Øv deg på å skrive møtereferat

Før du gjer oppgåvene

Før du jobbar med desse oppgåvene, bør du ha jobba med ressursen "Slik skriv du eit møtereferat".

Oppgåve 1. Sjå filmen

Sjå filmen om å skrive møtereferat (lengde 7:06). Svar munnleg på oppgåvene under saman med ein medelev etter at de har sett filmen.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
  1. Kva er eit møtereferat?

  2. Kva er forskjellen på eit møtereferat og ei møteinnkalling?

  3. Kva er ein referent?

  4. Kva er eit vedtak?

  5. Kva for punkt skal alltid vere med i eit møtereferat?


Oppgåve 2. Skriv eit møtereferat og lag rollespel

Del 1: Skriv eit møtereferat

Skriv eit møtereferat frå ein arbeidsplass. Møtereferatet skal innehalde minst fire saker. Pass på at du har med alle punkta som skal vere med i eit møtereferat. Du kan sjå filmen øvst i ressursen på nytt viss du treng det. Du kan bruke eksempelteksten under som mal.

  • Eksempeltekst møtereferat

  • Del 2: Lag eit rollespel

    Gå saman i grupper på tre til seks elevar. Lag eit ut frå eit av møtereferata de skreiv i del 1. Framfør rollespelet framfor klassen eller framfor ei lita gruppe i klassen. Er de usikre på korleis eit slik jobbmøte blir gjennomført? Les artikkelen "Formelle møte i arbeidslivet" for å få gode råd.

    Relatert innhald

    Skrive av Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 05.08.2025