Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv deg på å skrive logg

Her får du øve deg på å skrive logg, og du får snakka med andre om kva ein logg skal innehalde.

Før du gjer oppgåvene

Før du jobbar med oppgåvene under, bør du ha jobba med fagressursen "Slik skriv du ein logg".

Del 1: Snakk saman om å skrive logg

  1. Kva er ein logg? Forklar. Ha med eksempel på kva delar det er vanleg å ha med i ein logg.

  2. Kva informasjon skal stå først i ein logg?

  3. Korleis skal språket i ein logg vere?

  4. Kva skal vere med i ei eigenvurdering dei gongene loggen skal ha med det? Vis til eksempel.

Samanfatt felles i klassen.


Del 2: Skriv ein eigen logg

Til læraren

Når elevane skal skrive eigen logg, kan det vere lurt å knyte loggskrivinga opp mot eit programfag. Då kan programfaglæraren vere med og forme ut oppgåva slik at ho passar faget elevane har.

Vel ei av oppgåvene under og skriv ein logg. Du kan bruke modellteksten under som :

  • Logg frå praksis som helsefagarbeidar ved Brattbakken sjukeheim, modelltekst

    1. Skriv ein logg frå praksis.

    2. Skriv ein treningslogg, der du beskriv den treninga du gjennomfører i løpet av ei veke.

    3. Skriv ein kosthaldslogg, der du beskriv måltid og gjennom ei veke.

    Relatert innhald

    Skrive av Elisabeth Lønning.
    Sist oppdatert 05.08.2025