Før, undervegs og etter at du har jobba med emnet Ytre krefter, kan du bruke denne sida til å teste deg sjølv. Kan du sentrale fakta? Har du forstått fagstoffet så du kan bruke det til noko? Klarer du å diskutere og drøfte spørsmål om ytre krefter?
Korleis har ytre krefter forma landskapet i Noreg?
Tips til læraren
Lær fagomgrep med praterobot
Viss du vil la elevane lære fagomgrep ved hjelp av praterobot, har vi laga ein eigen artikkel om dette. Der kan elevane finne systeminstruks og fagomgrep frå ulike kapittel som kan leggast inn i prateroboten.
Ønsker du å dele desse oppgåvene med elevane slik at dei kan notere i eit dokument på datamaskina si eller på læringsplattforma til skulen, kan du bruke denne fila:
I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli klar over sin eigen læringsprosess. Denne vurderingsressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli klar over kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.
RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)
I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå: reproduksjon, anvending og vurdering. Denne inndelinga kallar vi RAV.
God kompetanse krev at elevane meistrar alle dei tre nivåa i RAV-modellen, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming til dette. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.
R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.
A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.
V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.
Alle fagemna i geografifaget på NDLA har ein slik vurderingsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.
Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap om ytre krefter. Du kan bruke lista eller den interaktive oppgåva, vel det som passar best for deg.
Liste: Sentrale fagomgrep og fakta
ytre krefter
naturlege prosessar som bryt ned og formar landskapet på jordoverflata
landskap
eit område av jordoverflata som blir kjenneteikna ved ein bestemd utsjånad (fjell-, vidde-, skog- og kystlandskap er naturlege landskap, mens byar og jordbrukslandskap er menneskeskapte landskap)
landform
naturleg formasjon med ein unik utsjånad som set preg på eit landskap, til dømes daler, fjordar og fjell
lausmassar
den delen av bakken som ligg over berggrunnen, til dømes grus, sand og jord
erosjon
prosess der lausmassar eller berggrunn blir brotne ned og flytta frå eit område
forvitring
prosess der lausmassar eller berggrunn blir brotne ned på staden utan at dei blir flytta frå området, kan skje mekanisk gjennom frostsprenging eller gjennom kjemiske prosessar
erosjonsform
landform som er danna av erosjon, altså det at masse blir fjerna frå eit område, til dømes U-dal, V-dal, egg og tind
avsetjingsform
landform danna av avsetjingar, altså lausmassar som blir lagde igjen i eit område, til dømes morene, delta og elveslette
V-dal
landform danna ved at elva grev seg nedover i terrenget og får tilført lausmassar frå ras i fjellsidene, noko som forsterkar erosjonen i elvebotnen
meander
svingete elveløp som blir danna ved at elva eroderer i yttersvingar og avset lausmassar i innersvingar
delta
landform i elvemunninga som blir danna ved at lausmassar blir sorterte og blir avsette lag på lag på botnen av ein innsjø eller hav
skuring og plukking
erosjonsprosessar der isbrear plukkar med seg steinar frå underlaget, noko som bidreg til å slipe ned berggrunnen når breen beveger seg
platåbre
isbre som dekker eit større fjellområde, som Jostedalsbreen
dalbre
isbre som ofte strekker seg ut frå platåbrear og nedover dalsider, som Briksdalsbreen eller Nigardsbreen
botnbre
liten isbre som eroderer ut skålforma landformer, botnar, i høgfjellet
U-dal
landform danna ved at isbrear eroderer i dalføre
alpint landskap
landform danna ved at botnbrear eroderer seg inn i fjellet frå fleire sider slik at det står igjen spisse fjell med eggar og tindar
morene
avsetjing frå isbrear, ofte usortert materiale
istid
kalde klimaperiodar da større delar av jordoverflata var dekt av is
mellomistid
varmare klimaperiode mellom to istider
marin grense
det høgaste nivået havet stod etter siste istid
kvikkleire
ustabil leire som kan gå frå fast til flytande form
naturfare
fare for hendingar som flaum og skred
ROS-analyse
risiko- og sårbarheitsanalyse som blir brukt for å vurdere sannsyn for og konsekvens av naturfarar
Gå gjennom oppgåvene under. Klarer du å bruke kompetansen din til å svare godt og løyse oppgåvene? Eller er det nokre ting du treng å jobbe meir med for å forstå?
Den første oppgåva er interaktiv. Resten er spørsmål utan løysingsforslag slik at du sjølv må vurdere om du har kompetanse til å svare godt på dei.
Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp mot kvarandre.
Vel eit av punkta under og diskuter i par eller grupper.
Kva landformer kjenneteiknar det norske landskapet, og korleis har desse blitt forma?
Korleis har ytre krefter forma landskapet i nærområdet ditt, og korleis kan dette landskapet utnyttast av menneske?
Kvifor er nokre område i Noreg meir utsette for flaum og skred enn andre?
Korleis kan konsekvensar av klimaendringar påverke område som allereie er forma av erosjon, skred eller flaum? Korleis bør vi planlegge eit samfunn som skal møte desse endringane i framtida?