Flaum og skred

Film: Flaum
Filmen under (lengde 1:30) viser ulike stader som er ramma av flaum.
Kvifor blir det flaum?
Flaum skjer når vatnet ikkje klarer å trekke ned i bakken og i staden renn rett ut i elver og bekker. Det er lett å tru at mykje regn automatisk fører til flaum, men så enkelt er det ikkje. Av og til kan det regne mykje utan at det skjer noko, mens andre gonger blir konsekvensane store, som under ekstremvêret Hans i 2023.
Med Hans kom det enorme nedbørsmengder på kort tid. Problemet var at bakken allereie var full av vatn etter ein regnfull sommar. Dermed rann alt vatnet rett ut i elver og innsjøar i staden for å trekke ned i jorda, og vi fekk storflaum.
Flaum oppstår når eit eller fleire av desse tilfella skjer:
Mykje regn på kort tid: Styrtregn kan overbelaste avløpssystem og vassdrag.
Høgt grunnvatn: Viss bakken er metta med vatn, renn nytt regn rett ut i elver og innsjøar.
Snøsmelting: Når mykje snø smelter raskt om våren, blir det store vassmengder på kort tid.
Tidleg snøfall og rask smelting: Viss snøen smelter plutseleg på grunn av mildvêr eller regn, kan det føre til flaum.
Film: Skred
Det finst mange ulike typar skred. Filmen under (lengde 1:46) viser døme på snøskred, flaumskred, jordskred og fjellskred.
Kvifor blir det skred?
Skred skjer når jord, stein eller snø losnar og rasar ned ei skråning. Under Hans gjekk det mange lausmasseskred, som oppstår når store mengder vatn svekker friksjonen mellom jordpartiklane. Når bakken blir ustabil nok, kan massane begynne å gli.
Har du nokon gong merkt at isen blir glattare når temperaturen ligg rundt 0 °C, enn når det er skikkeleg kaldt? Det same skjer i bakken – mykje vatn mellom jordpartiklane gjer bakken "glatt", og viss terrenget er bratt nok, kan skred utløysast.
Fleire faktorar kan utløyse skred:
Mykje nedbør: Jorda blir metta med vatn og blir ustabil.
Snøsmelting: Dette aukar vassmengda i bakken, noko som kan føre til jord- og lausmasseskred.
Frost og tining: Når vatn frys i sprekkar i fjellet, kan det utvide seg og "sprenge" laus stein (frostsprenging).
Tining av permafrost: Når permafrost smelter, blir bakken meir ustabil.
Vibrasjonar: Jordskjelv, sprengingar eller andre ristingar kan utløyse skred.
Ikkje alt uvêr er ekstremvêr
Kvifor høyrer vi sjeldan om flaum i aude område som Jotunheimen eller Finnmarksvidda? Svaret er lett: Det bur ikkje mange folk der, så vatnet gjer mindre skade.
Flaum blir først eit problem når vi bygger der det bruker å bli flaum. Mange bur i dalbotnar i nærleiken av elver fordi det har vore praktisk for jordbruk, transport og drikkevatn. Men dette gjer dei òg meir sårbare for flaum.
Ekstremvêr er ikkje berre kraftig uvêr – det må ha stor negativ påverknad på samfunnet for å bli kalla ekstremt.
Klimaendringar aukar faren for flaum og skred

Du har sikkert høyrt at klimaendringar gir meir flaum. Ifølge ein rapport frå Norsk klimaservicesenter må vi innan år 2100 forvente 18 prosent meir nedbør i Noreg, mykje av det som styrtregn (Hanssen-Bauer et al., s. 8). Når regnet kjem hyppigare og kraftigare, aukar sjansane for flaum. Vi må derfor rekne med meir flaum i framtida, når klimaet blir varmare.
Problemet er ikkje nødvendigvis at det regnar meir, men at samfunnet ikkje er planlagt for det nye klimaet. Mykje av infrastrukturen vår – veg, jernbanar og hus – vart bygd ut frå korleis klimaet var før. No forandrar klimaet seg, og vi ser at mange av desse plasseringane ikkje lenger er trygge.
Korleis kan vi leve trygt med naturfarar?
Vi kan aldri fjerne all risiko, men vi kan gjere mykje for å sikre oss:
Trygge plasseringar: Offentlege bygg og vegar må ligge der faren for skred og flaum er lågast.
ROS-analysar: Risiko- og sårbarheitsanalysar blir brukte for å vurdere sannsyn og konsekvens av naturfarar.
Flytte eller sikre: Nokre stader kan vi bygge sikringstiltak, mens andre stader bør vi rett og slett unngå å bygge.
Døme: Store delar av Oslo og Trondheim er bygde på kvikkleire. Risikoen for ras er låg, men konsekvensane ville vore katastrofale. Derfor sikrar vi desse områda i staden for å flytte heile byane.