Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Filmar og figurar i Ytre krefter

Her har vi samla filmar og figurar i emnet Ytre krefter. Vi har òg lenka til relevante fagartiklar og oppgåver.

Film: Introduksjon til Ytre krefter

Filmen (lengde 1:39) introduserer emnet ved å vise ulike landformer og prosessar og blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Ytre krefter".

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Film: Erosjon, transport og avsetning i elveløpet

Filmen (lengde 1:38) forklarer korleis elva eroderer, transporterer og avset lausmassar. Det kan du lese meir om i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Danning av V-dalar

Filmen (lengde 1:05) forklarer korleis V-dalar blir danna, og blir brukt i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Danning av meandersvingar

Filmen (lengde 1:37) forklarer korleis meandersvingar blir danna, og blir brukt i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Danning av elvedelta

Filmen (lengde 1:21) forklarer korleis elvedelta blir danna når elva når stilleståande vatn. Han blir brukt i artikkelen "Slik arbeider elva".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Franz Josef Glacier retreats 900 meters

Filmen (lengde 1:08) er ein timelapse som viser korleis breen beveger seg nedover dalen samtidig som han smeltar tilbake. Filmen ligg i artikkelen "Slik arbeider isbreen".

Film: Isbrear skurar og plukkar

Filmen (lengde 1:38) viser korleis isbrear både skurar og plukkar, og blir brukt i artikkelen "Slik arbeider isbreen".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Brebevegelse og morenedanning

Filmen (lengde 1:27) forklarer korleis is beveger seg frå akkumulasjonsområdet til ablasjonsområdet, og korleis brear skaper morenar. Filmen blir brukt i artikkelen "Slik arbeider isbreen".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Isbrear formar landskapet

Filmen (lengde 1:19) forklarer korleis isbrear formar landskapet på ulike måtar i istider og mellomistider, og blir brukt i artikkelen "Korleis istidene forma Noreg".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Kvikkleire

Filmen (lengde 1:11) forklarer korleis kvikkleire blir danna, og korleis ho kan utløysast. Han blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Marin grense

Filmen (lengde 1:01) forklarer korleis havnivået låg høgare tidlegare, og kva marin grense er. Han blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Film: Flaum

Filmen (lengde 1:30) viser døme på ulike flaumar og blir brukt i artikkelen "Flaum og skred".

Video: usgs.gov / CC BY-ND 4.0

Film: Skred

Filmen (lengde 1:46) viser døme på ulike typar skred og blir brukt i artikkelen "Flaum og skred".

Video: NVE, usgs.gov, Physics to day / CC BY-ND 4.0

Film: Landskapet i Noreg blir til

Filmen (lengde 2:07) forklarer korleis det norske landskapet er blitt danna og utvikla gjennom millionar av år, frå den kaledonske fjellkjedefaldinga til i dag. Filmen blir brukt i artikkelen "Noregs landskap: ei geologisk tidsreise".

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Figur: Korleis botnbreen formar landskapet

Figuren viser korleis ein botnbre grev seg nedover og bakover i landskapet, og blir brukt i artikkelen "Korleis istidene forma Noreg".

Figur: Kvikkleire

Figuren viser korleis saltpartiklar held kvikkleira stabil, og at når dei blir vaska vekk, kan leira kollapse som eit korthus. Figuren blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Figur: Tiltak mot kvikkleire

Figuren viser ulike sikringstiltak som kan gjerast for å forhindre kvikkleire i å kollapse, og blir brukt i artikkelen "Kvikkleire".

Figur: ROS-analyse

Figuren viser ei matrise som kan brukast i samband med risiko- og sårbarheitsanalyse, og blir brukt i artikkelen "Flaum og skred".

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 09.02.2026