Filmar og figurar i Klima
Film: Introduksjon til Klima
Filmen (lengde 2:05) introduserer emnet ved å vise ulike klipp og stille nokre opne spørsmål knytte til klima, global oppvarming og konsekvensar av dette. Filmen blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Klima".
Film: Vêr og klima
Filmen (lengde 5:11) forklarer forskjellen på vêr og klima, og korleis det globale klimasystemet heng saman og fungerer. Filmen blir brukt i artikkelen "Klimasystemet".
Film: Kvar tidel tel
Filmen (lengde 6:50) forklarer nokre av konsekvensane av global oppvarming og om kvifor kvar tidel tel. Filmen blir brukt i artikkelen "Konsekvensar av klimaendringar".
Film: Klimatiltak eller klimatilpassing?
Filmen forklarer forskjellen på klimatiltak vi må gjennomføre for å få ned klimagassutsleppa, og klimatilpassingar vi må gjere for å tilpasse oss eit endra klima. Filmen blir brukt i artikkelen "Klimatiltak og klimatilpassing" og i oppgåva "Feltarbeid: Klimatilpassing i nærområdet".
Film: Klimagassutslepp: Korleis måler vi dei? Og kven har skylda?
Filmen (lengde 4:59) forklarer at ulike måtar å måle klimagassutsleppa på gir ulike resultat, noko som bidreg til ueinigheit om korleis vi skal få ned utsleppa. Filmen blir brukt i artikkelen "Kvifor gjer vi ikkje meir med klimaendringane?".
Figur: Klimasoner
Kartet viser ei grov inndeling av klimasonene på jorda og blir brukt i artikkelen "Klimasystemet" og oppgåva "Ressursutnytting i ulike klimasoner".
Figur: Endringar i klimasoner i Noreg
Kartet viser korleis klimasonene i Noreg har endra seg mellom to klimanormalar, og blir brukt i artikkelen "Klimasystemet".
Figur: Temperaturendring samanlikna med førindustriell tid
Den interaktive figuren viser temperaturendring i verda frå 1850 til 2025 samanlikna med førindustriell tid. Figuren blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".
Figur: Global oppvarming med og utan menneskeleg påverknad
Figuren viser simuleringar med avanserte klimamodellar. Den observerte globale oppvarminga kan berre forklarast når vi tek med menneskeleg påverknad. Figuren blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".
Figur: CO₂-utslepp etter sektor
Den interaktive figuren viser CO₂-utsleppa i verda fordelt på ulike sektorar og blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".
Figur: Noregs klimagassutslepp fordelt på sektorar
Figuren viser Noregs klimagassutslepp fordelt på sektorar og blir brukt i artikkelen "Årsaker til klimaendringane".
Figur: Endringar i Noregs klimagassutslepp sidan 1990
Figuren viser summen av Noregs klimagassutslepp og endringar i dei ulike sektorane frå 1990 til 2024. Figuren blir brukt i artikkelen "Klimatiltak og klimatilpassing".
Figurar: Dei ulike målemetodane for klimagassutslepp
Dei fire karta viser korleis ulike måtar å måle klimagassutsleppa på gir ulike resultat, og blir brukt i artikkelen "Kvifor gjer vi ikkje meir med klimaendringane?".