Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukepleie ved trombose og emboli

Trombose og emboli er ofte følgetilstandar til andre sjukdommar eller komplikasjonar som kjem av immobilitet. Det er derfor viktig å utføre sjukepleietiltak som førebygger trombose og emboli.
Ein smilande helsefagarbeidar løftar beinet til ei eldre kvinne med støttestrømper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når pasienten har fått trombose eller emboli, er det nødvendig med god sjukepleie og gode observasjonar sidan det er ein risiko for at livstruande komplikasjonar kan oppstå.

Observasjon og rapport

Det er viktig at du som helsefagarbeidar observerer pasientar med trombose og emboli for å sjå etter symptom, og at du er spesielt merksam på eventuelle blødingar som kan oppstå som ein biverknad av antikoagulasjonsbehandling. Dersom pasienten har sengeleie, må du vere merksam på eventuelle immobilitetskomplikasjonar.

Personleg hygiene

Allmenntilstanden til pasienten avgjer om han eller ho treng hjelp til personleg hygiene og påkleding. Dersom pasienten har ein djup venetrombose i ein legg, må leggen ikkje masserast. Då risikerer ein at ein bit av tromben losnar, blir ført med blodstraumen og set seg fast ein annan stad i kroppen.

Helsefagarbeidaren må avklare om pasienten kan mobiliserast, eller om pasienten må stellast i senga den første tida. Om pasienten har sengeleie, er det viktig med godt stell for å unngå komplikasjonar ved immobilitet.

Aktivitet og kvile

Dersom pasienten har sengeleie, bør han eller ho gjere passive øvingar i senga, skifte stilling ofte og førebygge eventuelle komplikasjonar knytte til immobilitet. Alle komplikasjonane kan i ei viss grad førebyggast ved aktivitet. Ein fysioterapeut kan legge opp eit godt treningsprogram med tanke på dette.

Aktivitet treng ikkje vere fysisk trening. Pasienten er òg aktiv når han eller ho les aviser, ser på tv, høyrer radio og driv med hobbyar som vedkommande kan gjere frå senga. Det er tilrådd at dei sengeliggande held oppe ein normal døgnrytme. Dette er best for helsa med tanke på at pasienten seinare skal tilbake til den vanlege kvardagen sin.

Ernæring

Har pasienten fått sjukdommen som følgje av aterosklerose, kan ytterlegare aterosklerose i ei viss grad førebyggast ved å redusere mengda metta feitt i kosten.

Rikeleg drikke gjer at blodet blir tynnare og flyt lettare i årene. Dersom pasienten har sengeleie, er det viktig med rikeleg drikke og næringsrik kost for å førebygge komplikasjonar ved immobilitet.

Dersom pasienten får antikoagulasjonsbehandling, bør inntaket av matvarer som er rike på vitamin K, bli redusert. Vitamin K aukar evna blodet har til å koagulere. Matvarer som inneheld mykje vitamin K, er kjøtt og grøne grønsaker.

Eliminasjon

Eit eventuelt sengeleie kan gi pasienten plagar som obstipasjon og urinvegsinfeksjon. Førebyggande tiltak må derfor setjast inn.

Kvinneleg pasient får servert ein kopp drikke i senga av ein kvinneleg helsefagarbeidar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smerter

Nokre pasientar får sterke smerter i samband med trombose og emboli. Smertestillande medikament som blir gitt med jamne tidsintervall, kan derfor bli forordna. Då er det viktig at du observerer verknad og biverknad av medikamenta.

Sjukepleietiltak som hjelper mot smerter, er òg å sjå til at pasienten sit eller ligg godt, og å sørge for kalde eller varme omslag, god personleg hygiene, ro, dempa belysning, roleg musikk, nærleik og god omsorg.

Hud og sår

Ved djup venetrombose i leggen oppstår ødem. For at huda ikkje skal få sprekkdanningar og sår, bør det nyttast ein god krem som styrker elastisiteten til huda. Når vi smør inn huda, må vi ikkje massere, for vi vil unngå at ein del av tromben losnar og blir ført med blodstraumen til til dømes lungene og forårsakar lungeemboli.

Respirasjon

Ved trombose og emboli er oksygentilførselen til delar av kroppen redusert. Ein pasient som får behandling i institusjon, blir tilført oksygen via eit nasekateter. Spesielt ved lungeemboli er det nødvendig med ekstra oksygentilførsel fordi det påverkar respirasjonsprosessen.

Ein pasient med lungeemboli har ofte problem med respirasjonen, og heva ryggleie og thoraxleie kan gjere det lettare å puste. Det er òg viktig å unngå stress, fordi stress aukar behovet for oksygen.

Utfordringar til deg

  1. Kva symptom kan ein person med djup venetrombose ha?
  2. Beskriv hudpleietiltak for ein pasient med djup venetrombose. Grunngi svaret.
  3. Pasientar med lungeemboli kan ha problem med respirasjonen. Korleis kan dette avhjelpast?
  4. Kva er antikoagulasjonsbehandling, og kva observasjonar må du gjere viss ein pasient får denne behandlinga?
CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i sirkulasjonssystemet