Hopp til innhald

Fagstoff

Hald tastaturet reint

Korleis står det til med tastaturet ditt? Har du feittflekkar på mellomromstasten, syltetøykliss på O og smular under S? Så spennande! Hent mikroskopet, så skal du sjå det står til liv! «Æsj», sa du? Nei, vi bør ikkje dyrke sopp og bakteriar i tastaturet. Det er hovudsakleg tre måtar å unngå det på.
Hvitt tastatur med blå klut, utsnitt. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om du vil unngå å gi mikroorganismar eit godt liv i tastaturet ditt, kan du gjere desse tre råda til regel:

  • Skriv med reine hender.
  • Hald maten unna så du ikkje smular eller søler på tastaturet.
  • Gjer tastaturet reint regelmessig.

Støvsuge tastaturet?

Oisann, der fauk G-en ned i støvsugarposen! Jo, du kan støvsuge, men du må vere forsiktig. Det vil seie at du set på det smale munnstykket og stiller inn på lågaste sugestyrke. Om du er flink til å halde støv og matsmular unna, blir det sjeldant naudsynt. Det er til dømes lurt å alltid lukke den berbare datamaskinen når du ikkje bruker han. Tastaturet er heller ikkje liggjeplass for kattar, sjølv om dei meiner det sjølve.

Vaske tastaturet?

Akkurat å vaske tastaturet er ikkje nokon god idé. Men du bør tørke over med ein fuktig klut. Kluten må vere rein og så godt vridd opp at du ikkje kan presse ut ein einaste drope vatn. Om det er snakk om tastaturet på ein berbar datamaskin, skrur du maskinen heilt av før du går i gang. Eit laust tastatur koplar du frå eller slår av.

Du bør ikkje bruke såpe. Såperestar kan vere vanskeleg å få bort og samlar skitt. Då vil tastauret kunne sjå reint ut, men det er det ikkje. Sørg heller for at kluten er av mikrofiber, det er minst like effektivt som såpe. Om det er vanskeleg å komme til mellom tastane, kan du supplere med ein så vidt fuktig vattpinne.

Det finst også rensemiddel og desinfiserande våtserviettar for tastatur. Dei er effektive, men gir litt utgift og skapar avfall. Som regel er det berre naudsynt der det er snakk om fastgrodd skitt eller det er særskilte krav til hygiene.

Kor ofte bør eg gjere tastaturet reint?

Kor ofte du skal gjere tastauret reint, kjem an på korleis og kor mykje du bruker det. På nokre arbeidsplassar har dei rutinar som tek hand om dette. Dei fleste må likevel passe på dette sjølve. Her er eit forslag til rutine:

Med ein gong viss du

  • søler på tastaturet eller får rusk i det

På slutten av kvar arbeidsdag

  • om du er sjuk eller forkjølt
  • bruker tastaturet mens du et (og slikkar deg på fingrane!)
  • deler tastatur med andre

På slutten av kvar arbeidsuke om du

  • stort sett tastar med reine fingrar
  • er den einaste som bruker tastaturet

Prøv i alle fall å unngå at tastaturet blir så skite at du ser det!

CC BY-SASkrive av Ragnhild Tønnessen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag