Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag titlar!

Tittelen (overskrifta) er blikkfanget i ei sak. Han skal kort fortelje kva teksten handlar om. Saman med biletet skal tittelen fange interessa hos lesaren. I denne oppgåva skal du øve deg på å skrive gode titlar.

Oppgåve 1: Å skrive titlar til bilete

  • Lag ein tittel til kvart av bileta nedanfor.
  • Hugs at tittelen skal vere kortfatta og fange merksemda til lesaren, og han skal helst ikkje vere på meir enn fem ord.
  • Når de er ferdige, tar de ein felles gjennomgang i klassen og samanliknar forslaga.

Oppgåve 2: Å skrive titlar til nettsaker

  • Finn tre korte saker i nettavisene.
  • Kopier dei og lim dei i eit dokument som du deler med eleven ved sida av deg. NB: Ta bort titlane.
  • Sidemannen skriv forslag til titlar.

Relatert innhald

Ei god overskrift fangar blikket og kan ha avgjerande betydning for om du når fram til målgruppa di eller ikkje.

CC BY-SASkrive av Thomas Nupen, Maren Aftret-Sandal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag