Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel om blogging

Del klassen inn i grupper på fire personar. Kvar gruppe lagar eit rollespel med utgangspunkt i ein av situasjonane som er omtalte nedanfor.
Ikon rollespill. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk nøye gjennom den rolla du har fått, før rollespelet startar. Rollespelet er effektivt dersom du opplever ubehaget med å måtte ta ei vanskeleg avgjerd.

1. Tenk deg følgjande situasjon:

Eit firma tek kontakt med deg og seier dei vil sende deg gratis klede. Det einaste dei vil at du skal gjere, er å skrive positivt om kleda i bloggen din. Du skal ikkje reklamere, men skrive det som eit vanleg blogginnlegg. Kva ville du gjort? Kvifor ville du gjort det slik?

Roller:

  • 1 bloggar som får tilbod frå firmaet

  • 1 representant for firmaet

  • 1 bloggar som allereie har kontrakt med firmaet

  • 1 klassekamerat som er mot kommersiell blogging

2. Tenk deg følgjande situasjon:

Ein god ven av deg har for ei stund sidan oppretta ein blogg. Du er innom og les bloggen ein dag og ser at fleire av venene dine er hengde ut i ulike innlegg. Det er lagt ut bilete frå festar og skrive kommentarar som ikkje er så hyggjelege. Kva gjer du?

Roller:

  • 1 elev som ser at venene er hengde ut på bloggen

  • 1 bloggar som har laga bloggen

  • 2 klassekameratar som er med på bileta frå festen

CC BY-SASkrive av Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2018

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag