Hopp til innhald

Fagstoff

Fasar i skriveprosessen

Uavhengig av føremål, målgrupper og mediekanal har ein skriveprosess like fasar.
Papir utover eit bord med ei kulepenn. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1 Oppstart og klårheit i rammevilkår

  • Kva er føremål for skrivearbeidet? Kven er målgruppa? Kva for mediekanal skal publisere sluttarbeidet?
  • Skal du skrive grunnleggjande kreativt eller dokumentarisk?
  • Kva er sjangeren?
  • Kva for format må du ta omsyn til?
  • Kva for lover og etiske retningslinjer må du ta stilling til?
  • Kva er deadline?

2 Planlegging

  • Kva for idéar har du som utgangspunkt? Korleis tenkjer du å utvikle og prioritere dei?
  • Kva for kjelder har eller treng du?
  • Kva for verkemiddel og/eller forteljeteknikkar skal du bruke?

3 Utarbeiding

Når du er ferdig med planlegging og innhenting av materiale frå kjelder, startar du skrivinga. I denne fasen kan du jobbe "fort og gale".

  • Lag ein tittel eller ei leiesetning.
  • Lag ein disposisjon med utgangspunkt i tittelen eller leiesetninga.
  • Skriv eller lim inn det du har der det høyrer heime.

4 Redigering

Skriv godt. Jobb sakte. Gå over teksten fleire gongar. Les høgt.

Skriv kvar setning for seg, og få ho til å passe inn i samanhengen. Hald orden. Kutt ned alt av ord, setningar og avsnitt som ikkje er godt nok eller som ikkje trengst, men ta gjerne vare på det ein annan stad.

Sørg for at bilete passar inn, om du jobbar med sjangrar der dei høyrer til.

Få gjerne innspel frå andre i prosessen.

5 Sluttføring

  • Sjekk språkreglar og korrektur.
  • Overlat eventuelt arbeidet til nokon som ikkje er blind på teksten.

Eit manus vil bli brukt ferdigstilt for å søkje middel til realisering av eit filmprosjekt, men når filmen er i produksjon, er han eit arbeidsverktøy som vil kunne endrast undervegs.

6 Publisering

Teksten er klar for publisering. I profesjonell publisering vil det som regel vere andre enn deg som sjekkar at alt er som det skal med teksten før han blir publisert.


Lykke til med skrivearbeidet!



CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ragnhild Tønnesen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag