Oppgåve
Vurder ein personleg blogg
Ein personleg blogg er ei form for dagbok som alle har tilgang til å lese. Men ofte er føremålet også å byggje eit positivt omdøme for ein person eller eit produkt.
I denne oppgåva skal du vurdere ein personleg blogg som har mange lesarar. Du kan for eksempel velje bloggen til Caroline Berg Eriksen, Sophie Elise eller Anna Rasmussen.
- Kven er avsendaren?
- Kva for tema skriv avsendaren om?
- Kva kjenneteiknar bileta som er brukte i bloggen?
- Korleis er språket i bloggen? Normalisert, munnleg, intimt osv.?
- Blir bloggen oppdatert jamleg?
- Kva kan du som lesar gjere på denne bloggen?
- Er det noko du saknar i denne bloggen?
- Er dette ein personleg blogg, promoterer han eigentleg ein person, eller reklamerer han for eitt eller fleire produkt?