Hopp til innhald

Fagstoff

Personlege bloggar

Ein personleg blogg fungerer nesten som ei offentleg dagbok. Bloggarane skriv om det som skjer i kvardagen, og kva dei er opptekne av. Dei fleste personlege bloggane inneheld også private bilete og videosnuttar.
Fleire bloggarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Private bloggar

Nokre bruker denne typen blogg for å oppdatere familie og vener. Før budde ofte slektningane i same by eller bygd, men slik er det ikkje lenger. No kan bestemor i Nord-Noreg følgje med på bloggen for å sjå korleis det går med barnebarna på Sørlandet.

Personlege bloggar kan innehalde refleksjonar om samfunnstilhøve eller kommentarar til aktuelle hendingar. Nokre bloggarar vel å publisere eigne dikt, forteljingar og essays. Enkelte bloggarar er anonyme, andre skriv under fullt namn. Dei fleste personlege bloggane har få lesarar ut over nær familie og vener.

Men det er viktig å hugse på at private bilete og personleg informasjon kan misbrukast av folk som har uærlege hensikter. Mange åtvarar difor foreldre mot å publisere bilete av barna saman med opplysningar som kan identifisere dei. Foreldre som brettar ut ”søte historier” frå familielivet bør hugse på at også små barn har krav på respekt for privatlivets fred. Bloggen med klinebileta frå russefeiringa er heller ikkje like festlege når ein komande arbeidsgjevar eller sambuar googlar deg om fem år.

"Rosabloggar"

Rosabloggarane skriv om seg sjølve og sin eigen kvardag. Hovudfokuset ligg som regel på kva dei gjer nett no, korleis dei ser ut, og kva som er på mote. Rosabloggarar kan også reflektere over andre tema, men det meste er sentrert om korleis kvardagen kan bli vakrare med sminke og klede.

Ein litt vaksnare versjon av rosabloggaren er ”mammabloggaren”. Hovudtemaet til mammabloggaren er eigne barn. Dei skriv om alt frå bleier til babymote, og ikkje minst kva som har gått føre seg med deira eigne håpefulle det siste døgeret. Tekst og bilete er pent pakka inn i ein layout av rosa og lyseblå pastellnyansar.

Mange rosabloggarar har blitt svært populære. Difor trekk dei til seg produsentar som ønskjer å plassere produkta sine i bloggen. Rosabloggarane har fått kritikk i media fordi dei ikkje presiserer at dei får betalt av ulike produsentar av klede, sminke og pleieprodukt for å skrive positivt om produkta. Skjult marknadsføring er brot på marknadsføringslova.

Sophie Elise Isachsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Temabloggar

Ein temablogg handlar om eit bestemt tema eller emne. Er du brennande interessert i Liverpool, kan du opprette ein blogg der du tek føre deg det som skjer i klubben din. Trivst du best på kjøkkenet, kan du opprette ein bakeblogg. Temabloggar kan vere til god hjelp når du treng informasjon om eit aktuelt tema. Men hugs at dei fleste av desse bloggane ikkje er skrivne av profesjonelle fagfolk. Difor er kjeldekritikk viktig.

Reisebloggar

Skal du ut på interrail eller på rundreise i Afrika? Kjem foreldra dine til å sitje bekymra heime og lure på korleis du har det? Ynskjer venene dine å fylgje med på kva du finn på? I staden for å bruke masse pengar på telefonsamtalar kan du opprette ein reiseblogg. Legg inn bilete og små tekstar om kor du er, og kva du har opplevd. Ein reiseblogg kan også vere ei fin minnebok når du sjølv seinare kjenner for få mimre ein regntung haustkveld i november!

Reisebloggar er også nyttige for andre som skal ut å reise i same område. Mange legg inn informasjon om reiseruter dei kan tilrå, og billige overnattingsstader på bloggen sin. Slike bloggar kan vere vel så informative som den informasjonen reiseselskapa legg ut.

CC BY-SASkrive av Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag