Hopp til innhald

Fagstoff

Bloggplakaten

Thomas Moen har laga ein plakat for bloggarar. Bloggplakaten tilsvarer Ver varsam-plakaten for journalistar. Plakaten har fått ein god del kritikk, blant anna fordi Moen er ein såkalla bloggmanager som har kommersielle interesser i blogging.
Bloggerne er raskt ute med å dokumentere det som skjer rundt dem. Men det finnes ingen redaktør som garanterer for sannheten i d
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nokre bloggarar meiner at dei ikkje treng reglar for korleis dei skal skrive. Ei av dei mest lesne bloggarane i Noreg, Ulrikke Lund, tek avstand frå reglane. Bloggplakaten er no endra og retta spesielt mot bloggarar med kommersielle bodskapar.

Bloggplakaten

1. Du som bloggar

1. har rett til å skrive om kva du vil, så lenge du følgjer norsk lov

2. har eit ansvar for å vere ærleg og truverdig

3. bør ikkje selje meiningane dine, og bør omtale produkt på ein ærleg måte

4. kan ha stor påverknadskraft, særleg mot unge lesarar – ha alltid dette i tankane!

5. bør tilvise når du skriv om merkevarer eller menneske og gje opp kjelder

6. bør opplyse når du har teke imot godtgjering eller har teke imot produkt for å skrive om dei

7. bør ta vare på integriteten din slik at truverdet ditt ikkje blir svekt

2. Du som blogglesar

1. bør vere klar over at innhald KAN vere påverka av tredjepart

2. bør vere klar over at bloggarar kan skrive om produkt dei kan ha motteke gratis og/eller har blitt betalte for å skrive om

3. bør stille deg kritisk til det bloggaren meiner, dersom bloggaren har teke imot produkt eller blitt betalt for å omtale det

3. Du som annonsør

1. bør ta eit ansvar for at bloggaren følgjer norsk lov og merkjer innlegg/innhald som er sponsa

2. burde ikkje kontakte personar under 18 år utan samtykkje frå foreldra

3. burde la bloggarar skrive si ærlege meining, utan påverknad, slik at integriteten til bloggaren blir teken vare på

CC BY-SASkrive av Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2018

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag