Hopp til innhald

Fagstoff

Slik opprettar du ein blogg

Ein blogg er ditt fotavtrykk i det offentlege rommet. Tenk derfor nøye gjennom kva du vil formidle, og kven du ønskjer at bloggen din skal kommunisere med.
Kvinne med laptop og kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ein plan

Mange opprettar ein blogg og driv han ei kort stund for så å miste interessa. Derfor er det viktig at du har ein plan for kva du vil bruke bloggen din til.

  • Kva for tema vil du blogge om?
  • Kven ønskjer du skal lese bloggen din?
  • Kva ønskjer du å oppnå?
  • Kor mykje tid vil du setje av kvar veke til å oppdatere innhaldet?
  • Korleis kan lesarane gi tilbakemelding på det du skriv?

Utfordringa er å gjere seg synleg og bli lagt merke til, for elles forsvinn bloggen din mellom millionar andre. Korleis kan du sørgje for at bloggen din blir oppdaga av dei du ønskjer å nå ut til?

La deg inspirere av andre

Leit opp ulike bloggar på nettet, og lag ei liste over dei bloggane du liker best. Kva kjenneteiknar desse bloggane når det gjeld innhald, utforming og funksjonalitet? Kva for nokre av desse elementa vil du bruke i din eigen blogg?

Vel bloggteneste

Teknisk sett er det uhyre enkelt å opprette og drifte ein blogg. Det finst fleire ulike bloggplattformer. Du står fritt til å velje ho du liker best. Både Wordpress.org og Miniblogg har gratis bloggtenester og tilbyr ferdige malar du kan bruke.

Kva for verktøy tilfredsstiller dei krava du har utforma i planen din?

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag