Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Her er livet mitt!

Planlegg og produser ei bildeforteljing om livet ditt. Ho skal bestå av tre delar: fortid, notid og framtid.
Nyfødt baby som ligg på armen til ein vaksenperson. Hovudet kviler i handflata på den vaksne. Babyen har rynka panna og knipe att auga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dette oppdraget skal du lage ei digital bildeforteljing med tittelen "Her er livet mitt!". Du skal òg øve på å planleggje og dokumentere ein produksjonsprosess.

Fortel kronologisk, frå dei første leveåra dine og litt inn i framtida. Jobbar du målretta og systematisk i alle fasar av produksjonsprosessen, vil du få betre arbeidsflyt og eit sluttprodukt av god kvalitet.

Sjekk at utstyret fungerer

Sørg for at du har alt utstyret du treng for å løyse oppgåva. Det er kjedeleg å oppleve midt i arbeidet at du manglar batteri på kameraet, eller at lydopptaket skurrar. Du har tenkt å bli ein profesjonell medieprodusent, og då kan du like godt lære å førebu deg skikkeleg med éin gong.

Lag ein produksjonsplan

Ein produksjonsplan bidrar til at du møter færre utfordringar undervegs i produksjonsprosessen. Lag ein oversiktleg plan over alt du må hugse på for å komme i mål med bildeforteljinga. Få med

  • kva arbeidsoppgåver som skal gjerast
  • når oppgåvene skal vere gjorde

Les presentasjonen "Her er livet mitt!" for fleire detaljar:

Vising og refleksjon

Til slutt viser du bildeforteljinga for klassen din og skriv eit kort refleksjonsnotat. Svar på desse spørsmåla:

  • Korleis gjekk planleggingsfasen? Kva fungerte, kva kunne gått betre?
  • Korleis fungerte produksjonsprosessen? Kva gjekk bra, kva kunne gått betre?
  • Kva synest du om resultatet ditt? Kva ville du gjort annleis om du skulle gjort oppgåva på ny?
  • Kva har du lært av å jobbe med dette oppdraget?
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2020

Læringsressursar

Innføring i skriving i mediefag